Kjære bygdafolk.

Ei god veke har gått sidan korona-alvoret verkeleg tok tak i oss. Me hadde nok høyrt om dette viruset allereie rundt årsskifte, om at det ikkje finst vaksine, om kor lett det smitta , men få såg konsekvensane slik me ser dei i dag.

Fjernsyn, radio, aviser og internett hadde i lang tid formidla beskjed til oss om faren ved smittespreiing, og om kor viktig smittevernråda er.  Det vart tidleg gjeve tydelege meldingar frå myndigheitene om at det på alle samfunnsnivå ville vera heilt avgjerande å følje desse for å hindre smittespreiing. Me innsåg fort at også i våre organisasjonar vart dette svært viktig.

Ordføraren frykta utviklinga, og kalla inn til ekstra formannskapsmøte den 13. mars for å ivareta informasjonstrongen til politisk leiing. Til møte var Røde Kors Aurland og FIG-Aurland inviterte. Først og fremst var det viktig, allereie på det tidspunktet, å informere om at kontakt var etablert med alle dei etatar og verksemder som har samfunnskritiske oppgåver å ivareta. Slike verksemder er dei som syter for elektrisitet, internett, vatn, helsehjelp, medisinlevering, matvareformidling mm. Det er i slike tider vi ser kor viktige til dømes nærbutikkane våre er, og kor avgjerande det er med nok og sikker matvaretilgang.

Dei største reiselivsverksemdene vart kontakta for å gje oss status. Reiselivsnæringa i kommunen er svært viktig, og med heilårs turisme vert konsekvensane fort merkbare for både verksemdene og kommunen når dei reisande uteblir.

I møte den 13. mars gjorde formannskapet vedtak som forbyr ilandstigning frå passasjerfarty i fjorden vår.

12. mars vart skular, barnehagar mm. stengde. Administrasjonen i kommunen kom saman for å løysa utfordringane dette ville medføre. Tilbakemeldingane frå møte var eintydige: Skule- og barnehageleiinga med sine tilsette hadde arbeidd aktivt med problemstillinga på førehand, og til møte låg det nærast ferdige planar for korleis til dømes heimeundervisning kunne føregå.

Rett og slett imponerande….takk!!

«Fjernundervisning» har no føregått i fire dagar, og tilbakemeldinga er at den fungerer.

 

Påfølgjande dagar kom  hytteopphald, pendling, matvarehamstring som uventa problemstillingar.

Kommuneleiinga, ordføraren og næringslivet starta straks arbeidet med tilrettelegging mot alle kjende og ukjende problemstillingar. Vi innsåg raskt at utfordringa ville dukka opp. Vi har beredskapsverkty, men i denne situasjonen mangla ein del reiskap.

I tida rundt dei mest dramatiske endringane var det fortsatt ein del turistar frå utlandet i kommunen, både på hotell og rundt om på private adresser. Saman med reiselivsnæringa arbeidde kommunen med å registrere alle desse, og sytte for enten karantene eller rask utreise. Status i dag er at alle turistar har forlate kommunen.

I løpet av helga vart det arbeidd med ei rekkje tilretteleggingar for å imøtekomme utviklinga. Heile tida med fokus på å hindre smittespreiing på same tid som vi ikkje riggar oss slik at samfunnshjulet ikkje kunne gå rundt.

Både ordførar og fleire i kommuneadministrasjonen valde å arbeide frå heimekontor gjennom heile helga grunna forkjøling. Det seier seg sjølv at dette langt frå var optimalt, og at samla leiing rundt same bord hadde letta situasjonen mykje. Me valde å vera lojale, og å følgje dei smittevernråda som er gjevne. Me må ha i bakhovudet at denne situasjonen lett kan vare ei stund, og at vi skal vere operative og oppegåande også seinare.

 

Søndag ettermiddag vart vi kjende med eit vedtak som var fatta utan at korkje politisk eller administrativ leiing i kommunen var rådførde eller informerte. Vedtaket gjekk i enkelheit ut på å stoppe kryssing av trafikk over den gamle fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn, og Sogn og Viken. Kryssing inn i fylket ville medføre fjorten dagar karantene. Dette var eit vedtak fatta av dei fleste kommunane i gamle Sogn og Fjordane.  Vedtaket var opphavet til mykje spørsmål, forvirring og støy.

Reaksjonane kom raskt i form av telefonar. Personar med ulike ærend på Voss, personar på tur heim frå ferie, handverkarar, maskinentreprenørar mm. ville få vanskar med straks å etterleve dette, og kven skulle i så fall kontrollere at dette vart etterlevd? Politiet, heimevernet? Vi diskuterte forslaget til vedtak i møte morgonen etter. Kommunelegen fatta der, i samråd med ordførar og rådmann, liknande vedtak som dei fleste andre kommunane, men med unnatak for reiser mellom kommunane Aurland og Voss.

Utfordringane til Aurland kommune er at vi har trafikk på E16, Rv50 og Bergensbana igjennom kommunen. Dette er trafikk som kjem frå eit fylke, går  igjennom fylke nummer to og kan fortsetje ut i fylke nummer tre. Vi har og personell som utfører viktig arbeid på Voss, og vossingar som utfører viktig arbeid i Aurland.  Me skjønar at tanken bak er å avgrensa trafikk, men eg er redd det vert mykje usikkerheit dersom kvar kommune eller region skal vedta eigne reglar. Sentrale myndigheiter er kritiske til at det vert innført ordningar som hindrar samfunnet i å fungere, eller som mest er skapt til forvirring.

Ordføraren har delteke på møte med mellom andre fylkesmannen i Vestland i dag, og det er ikkje vanskeleg å oppfatta myndigheitene sitt syn på slike lokale vedtak. Vedtak fatta på denne måten har verknad i sju døgn. Grunna tilbakeverkande kraft til 12. mars er såleis vedtaket sju dagar gammalt ved kommande midnatt (19. mars), og såleis ikkje i kraft lengre frå det tidspunktet.

 

Heimekontor, informasjonstrong, stadig nye utfordringar, nye smittevernråd mm. gjorde helga utfordrande. Informasjonsflyten i media var stor. NRK og TV2 køyrde samanhengande nyhendesendingar kvar dag, og nettet fløymde av koronastoff. Det skulle godt gjerast å ikkje bli informert. Nesten alt av vedtak, retningsliner og råd kom frå statleg hald, og kommunen hadde lite av eigen informasjon. I ein «normal» situasjon kunne vi ha orientert gjennom folkemøter. Det ligg i sakens natur at det er umogeleg her.

Helga må seiast å ha vore utfordrande og arbeidssam, så mange takk til dykk som sto på desse hektiske dagane, både med ordinær drift og med planlegging.

 

Frå måndag og til i dag er det gjort ein solid jobb. Med smittespøkelse hengjande over oss, skal det lagast ein ny struktur på måten vi skal leve på framover ei tid. Heile tida er smittefaren i fokus, balansert mot at samfunnet må fungere. Kommunen si heimeside er ajourført, naudsynte vedtak innan alle etatar er fatta og ei mengd planlegging er gjennomført. Dei siste dagane har det vore jamleg kontakt mot straumleverandørane, matvareleverandørane, bank, rekneskapskontor, kommunale einingar, landbruksnæringa, Røde Kors mm. Alle gjer det som må gjerast, men alle er og bevisste på kor utsette dei er.

For første gong sidan fredag har eg i dag vore utom heimekontoret på arbeid, og har vore fysisk tilstade på rådmannen sitt statusmøte i Kommunestyresalen. God avstand mellom deltakarane sette ikkje dempar på eit godt møte, der statusen for ulike kommunale oppgåver, samfunnskritiske oppgåver og politisk aktivitet vart gjennomgått. Mitt klåre inntrykk er at det vert arbeidd seriøst og godt på mange plan.

 

Den mest sårbare del av befolkninga vår finn vi blant eldre og sjuke. Helsefagarbeidarane og reinhaldarane våre har vore, og er, svært viktige yrkesgrupper. Arbeidspresset og smittefaren blant desse vert truleg større enn blant andre, og oppgåvene dei utfører er utfordrande og viktige. I tida framover vert de viktigare enn nokosinne!

De skal vite at me heiar ekstra på dykk alle no framover!!

 

Trass i prøvetaking, er det ikkje registrert smitta personar i kommunen. Måtte det berre fortsetje slik!

Det er lett å forstå at situasjonen er usikker og fortvilande for svært mange. Reiselivsnæringa har mista heile livsgrunnlaget sitt på kort tid, og ringverknadene kjem også raskt i andre næringar.

Det er svært forståeleg at somme er engstelege for sin eigen eller nære familie sin helsesituasjon. Somme er usikre på framtidig arbeidssituasjon og inntekt.

Me har sett ei nasjonal styring gjennom regjering og storting som eg meiner det er grunn til å vera stolt over. Statsministar Erna Solberg med sine ministrar, og partileiarane i alle politiske partia har stått samla og opptredd på ein måte dei kan vera stolte over, og som fortener stor respekt. Allereie no er det løyvd økonomiske krisepakkar som gjer at dei fleste av oss kan sjå framover i nokolunde tryggheit.

Politisk leiing i Aurland arbeider også for at det vert lagt til rette for at verksemder og privatpersonar skal få best mogeleg råd og hjelp når behova dukkar opp.

 

Det er lite tvil om at vi vil møte store utfordringar framover. Det er no kvar enkelt syner kva ein står for, og er laga av. Det er no vi avslører for samfunnet rundt oss om vi vil ta del i den felles dugnaden, eller ikkje. Det er no vi kan syne at vi respekterer og set pris på andre sin innsats for fellesskapet. Det er no vi kan syne at vi er gode førebilde for vår yngre generasjonen.

Hugs at av våre knapt 1800 innbyggjarar er det ein liten del som skal bære ei stor arbeidsbyrda for oss andre i tida som kjem. Hugs at desse kan verta færre i tida som kjem. Hugs at også desse kan smittast, bli sjuke, har familie, har sine eigne utfordringar frå før, og berre er menneskjer. Ta vare på dei, -ingen arbeider betre av usaklege og negative kommentarar.

Kom gjerne med sakleg og konstruktiv kritikk, -den tek eg gjerne imot på vegne av oss folkevalde. Kontakt meg gjerne med kritikk, råd, ros……..på tlf. 95984638.

 

Så til alle:

Takk for innsatsen so langt. Hald motet oppe! Bruk dagane på ein positiv måte! Følg smittvernreglane nøye, og ta vare på dei rundt deg!  

Truleg vert situasjonen verre før den vert betre, men hugs: også denne situasjonen går over😊

 

Beste helsing

Trygve Skjerdal

ordførar