Kommunen søkte sommaren 2019 om offentlege midlar til utbygging på Bakka/Tufto, Bjørgo/Turlid og Li/Kvitt/Vikesland/Bøen/Otternes. 

Det er nye fylkeskommunen Vestland som skal stå for felles utlysing av alle prosjekta i fylket som får støtte. Den 28. og 29. januar 2020 vert det møte i Førde der kommunar og interesserte leverandørar møtast til dialog omkring dei forskjellige prosjekta. Deretter er det Aurland kommune som står for arbeidet med å gå gjennom tilbod, forhandle og gjere avtaler. Estimert frist for å levere inn tilbod er 31. mars 2020. Vi håper på mange gode tilbod.

Når disse nye områda vert bygd ut er vi kommen eit godt steg vidare mot full dekning i kommunen.