ViteMeir frå Kaupanger står for innhald og opplegg. Dei har laga sjølvstendige temabaserte miniprogram på 3 dagar. Kvar dag vil ha ei blanding av faglege og sosiale aktivitetar. Målet er å bidra til fagleg påfyll, og vere eit sosialt og kulturelt tilbod for barn og unge i grunnskule-alder. Tilbodet er tett knytt opp mot skulefag, der deltakarane får lære gjennom praktiske øvingar og utprøving. Det vil vera eitt opplegg for småskulen og eitt opplegg tilpassa mellomsteget.

Tid og stad:
Veke 25  (21. - 23. juni)
Opplegg for 1. - 4. steg – stad ABU og opplegg for 5. – 7. steg – stad Flåm skule

Veke 32 (9. - 11. august)

Opplegg for 1. - 4. steg – stad Flåm skule og opplegg for 5. – 7. steg – stad ABU

Miniforskarane for 1. – 4. steg:

Prøv deg som forskar og bli med på mange ulike eksperiment. Lag di eiga lavalampe og styr ein robot. Og kven greier eigentleg å lage den beste brusa?

Eksperiment X for 5. – 7. steg:

Syns du det er moro å gjere eksperiment? Bli med oss å eksperimentere med flammar, flytande nitrogen og Microbits. Her blir det både eksploderande såpebobler og heimelaga is!

SommarViten er gratis, men ein må ta med eigen mat og drikke og klede etter veret.
Opplegget kan gå føre seg både ute og inne.

NB! Dersom nokon alt er påmeld på SFO veke 25 og 32, men heller ynskjer å delta på SommarViten, er det sjølvsagt mogeleg å gjera det. Betaling for SFO fell då bort for desse tre dagane. Tilsett frå SFO vil i så fall vera med på opplegget til ViteMeir.

Antal plassar på kvart program/Sommarskulekurs er 20 stykke. Dersom kurset er fullt, vil det bli sett opp venteliste. De vert då kontakta ved ev. fråfall/sjukdom.

Skriftleg påmelding snarast, men seinast innan 12. mai,  til Solveig Bakketun – helst på e-post: solveig.bakketun@aurland.kommune.no alternativt på SMS til mobil 975 89 522

Vi må ha disse opplysingane ved påmelding:

  • Namn og dato for når eleven vil melde seg på
  • Namn, adresse, tlf. og e-post til eleven og føresette
  • Info om spesielle omsyn, t.d. allergi