Velkommen til ei forteljarstund med skodespelar Reidun Melvær Berge. Ho går inn i dei ulike karakterane og fortel frå boka “Det usynlege barnet” av Tove Jansson.
Ein regnfull haustdag kjem ein gammal kjenning uventa på besøk til Mummi-familien. Det viser seg raskt at ho ikkje kjem åleine. Ho vil at Mummifamilien skal passa på ei lita jente som heiter Ninni. Men der er ikkje berre lett når Ninni er usynleg! Klarar Mummitrollet og familien å hjelpa den usynlege jenta til å bli synleg att? Korleis gjer ein eigentleg det?
Påmelding til Anita 950 67 289, anita.lerum@aurland.kommune.no, eller her på messenger.