Sogn regionråd

Sogn regionråd er skipa som eit interkommunalt selskap med heimel i §27 i kommunelova. Rådet er sett saman av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal, Høyanger, Årdal og Aurland.

Avtalar ved Rådhuset

Vi vil oppmode alle om å bestille timeavtale med sakshandsamar før ein kjem innom Rådhuset. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for samtalen noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp òg å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.