I samarbeid med heimen skal skulen utvikla kunnskap, ferdigheiter og haldningar hos elevane. Det er grunnleggande for læring at elevane kjenner seg trygge og inkluderte i
elevgruppa og mellom dei vaksne.
Mobbing, vald, diskriminering og trakassering er ulovleg.
Dei praktiske detaljane om SFO- og skuletilbodet er å finna på Flåm skule og Aurland barne og ungdomsskule sine heimesider.
 
Likeverd, ærlegdom og respekt er dei grunnleggande verdiane som skal prega alt arbeid og alle tenestene i Aurland kommune.
Kvaliteten på tenestene skal målast ved jamlege brukarundersøkingar.
Spørsmåla i desse brukarundersøkingane samsvarar med utvalet av arbeidsmål slik dei er formulerte under.
 
Alle tilsette i skulen og SFO skal arbeida for at:
  • Elevane skal kjenna seg trygge og trivast på skulen, få vener og ta del i felles aktivitetar.
  • Elevane skal ha trygt fysisk miljø ute og inne, ha stimulerande læringsmiljø og rett utstyr.
  • Elevane skal oppleva trygge vaksne som ser behova deira, tek omsyn til den einskilde eleven, er trygge leiarar og gode forbilde.
  • Elevane skal oppleva trygge og engasjerte vaksne som er saman med elevane i motiverande læringsaktivitetar og samtalar.
  • Elevane skal oppleva respekt og støtte frå skulen ved at lærarane har positive forventningar til læringa deira og hjelper dei til å forstå kva som skal lærast.
  • Elevane skal oppleva at dei får tilpassa faglege utfordringar som dei kan meistra.
  • Elevane skal forstå kva som er læringsmåla for arbeidsøktene, få tilbakemelding på arbeidet sitt og få hjelp til å reflektera over korleis dei utviklar seg i faga.
  • Elevane skal kjenna reglane som gjeld på skulen. Dei skal oppleva at skulen reagerer konsekvent når reglane blir brotne.
  • Føresette blir gjort kjende med rettar og plikter dei har som føresette etter lovverket.
  • Føresette blir gjort kjende med omgrep som «tilpassa opplæring», «meldeplikt» og korleis skulen sitt samarbeid med ytre støtteapparat, til dømes PPT, helse og barnevern fungerer.
  • Føresette blir gjort kjende med vurderingssystema ved skulen, (kjenner til) klagerettar og saksgang i slike saker.
  • Føresette blir gjort kjende med kva forventningar skulen har til dei som part i samarbeidet med skulen.
  • Føresette skal få rett og nødvendig felles og personleg informasjon gjennom faste avtalte kanalar.