Alle treffa er på helsestasjonen frå kl.13 – 14.30. Treffa vert innleia med ulike tema, varigheit vil vera 20-30 minutt. Etter dette vert det sosialt samvær og drøs, helsesjukepleiar vil vera til stades.

Kaffi vert servert.

Me ynsker velkomen til treff:

Onsdag 13.oktober – Samspel v/kommunepsykolog Mads Rekve

Onsdag 27.oktober – Å lesa for dei minste v/Anita Lærum Aurland bibliotek

Onsdag 10.november – Presentasjon av barnevernet sine tenester v/Hilde Strand

Onsdag 24.november – Barnet si motoriske utvikling dei første leveåra v/fysioterapeut i Aurland kommune

 

Alle småbarnsforeldre er velkomne, men hugs smittevern! Har du forkjølingssymptom ber me om du venter til neste treff med å koma.