Her er info frå Skatteetaten:
Situasjonen er framleis slik at vi berre tilbyr timar for personar som treng ID-kontroll. Altså:  

  • personar utan d-nummer 
  • personar med d-nummer som ikkje registrert som ID-kontrollert 
  • personar med d-nummer som må reaktiverast 
  • personar som skal melde flytting til Noreg

 

​Utgangspunktet er at ID-kontoret er ope tysdagar og torsdagar i sumar, kor det er timebestilling. 

Vi skal likevel prøve å legge til rette for at folk får høve til å bli kontrollert. Føresetnaden for begge ordningane under er at skattekortsøknadar blir sendt elektronisk via RF-1355 før ID-kontrollen. Vi gjer merksam på at vi kan godta utmelding av kjeldeskatt for søkarane undervegs i ID-kontrollane. 

Skjema for utmelding:

For grupper over 5 personar med behov for ID-kontroll kan ein ta kontakt på skranke-leikanger@skatteetaten.no, så kan vi prøve å sette opp eigne dagar på skattekontoret i Leikanger. 

  • Alternativ 2 – ambulerande ID-kontroll – LÆRDAL 5.AUGUST

Vi vil legge til at personar som ikkje kjem frå EØS må ha arbeidsløyve i Noreg. Les meir om arbeidsløyve på www.udi.no eller kontakt oss. 
Sidan 2022 er det første året kor det er aktuelt med reaktivering, kan det vere at også personar som allereie har d-nummer må møte på ID-kontroll. 

Arbeidsgjevar som ynskjer å benytta seg av tilbodet, må melda inn personane.

Ber om at grøntnæringa melder inn til: Harald Blaaflat Mundal harald@sognfg.no
Andre melder inn til: Magnhild Aspevik maghild.aspevik@laerdal.kommue.no

Meld inn behov snarast og seinast onsdag 27.juli.