Brannvesenet ved alarmsentralen ynskjer melding om kvar bålbrenninga finn stad, dette for å redusere sjansen for unødige utrykkingar. Meldeskjema finn du her: https://www.alarmsentralen.com/meldingar/melding-om-brenning

Det vert ikkje gjeve tilbakemelding på skjema og du kan krysse av nei på om lokalt brannvesen er orientert (dvs Aurland brannvern treng ikkje orienterast særskilt).

Den som tenner bålet er ansvarleg for vurderingane som er gjort.

Før bålet vert tent må ein tenkje på følgjande:

  • Plassering må være slik at det openbart ikkje kan føre til brann jf. forskriftens paragraf 3 om "generelle krav til aktsomhet" https://www.dsb.no/lover/brannvern-brannvesen-nodnett/veiledning-til-forskrift/veiledning-til-forskrift-om-brannforebygging/#innledende-bestemmelser
  • Den som tenner bålet har det totale ansvaret for brenninga og skal ha grunneigars løyve
  • Slokkemidlar som bøtter med vann, vannslange mv. må vere tilgjengeleg
  • Ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr (det generelle forbodet i skog og annan utmark gjeld fortsatt)
  • Ikkje bygg bålet for stort
  • Miljøfarlege og forurensande materialer er det ikkje løyve til å brenne
  • Sørg for at born held god avstand, bruk kle i naturstoff som bomull og ull. Kunstsoffer smelter og tenner lett ved sterk strålevarme.
  • Bålet skal vere fullstendig slokt når bålplassen vert forlatt
  • Kjem bålet ut av kontroll ring 110