Rutene som vert endra frå 2020 er:

  • Rute 310 i Lærdal får ny tømmedag og nytt namn. Tømmedag blir endra frå fredag til torsdag. Ruta heiter no 309.

  • Rute 602 i Luster kommune vert til to ruter. Ny rute 601 skal gå måndagar, medan rute 602 skal gå tysdagar. Rute 601 gjeld Kinsedalen, Urnes, Kroken, Feigum, Fortun og Fortunsdalen til Eidselvi på Skjolden. Fyrste tømming av rute 601 er restavfall 13. januar. Rute 602 gjeld Skjolden, Mørkridsdalen, Flikki, Kvåle, Dalsdalen og Bringe.

  • Rute 304 i Aurland kommune vert delt i to. Ny rute heiter 305 og vil gå fredagar. Rute 304 skal gå torsdagar. Rute 304 gjeld frå Hopen, Vangen, Skjerdal, Ystebøen, Thy og Høydalen. Rute 305 gjeld frå aust for Bjørgavegen, Bakkane, Ryggjakyrkja, Vinjane, Klokkargarden, Kvam, Bellsvingen, Høgåsen og Bjørgo. Fyrste tømming av rute 305 blir fredag 17. januar

Last ned appen for å halde deg oppdatert på tømmeruta og eventuelle endringar.

Avfallskalender 2020 -Aurland Kommune
SIMAS held fram med digital avfallskalendar, men dei har og lagt ut ein tømmekalendar på nett, slik at abonnentane kan gå inn på nettsida for å sjå rutene der, eller skrive ut tømmekalendaren for å halde styr på tømmedatoane. Abonnentar som ikkje har høve til å skrive ut kalendaren sjølve, kan hente ein kalendar på kommunehusa.