Sørviserklæring Kulturskulen

Aurland kulturskule skal arbeida for å styrka den kulturelle fellesskapen i Aurland kommune. Føremålet med tenesta er at barn og unge skal få høve til å utvikla og presentera dei kunstnarlege og kreative evnene sine gjennom musikk- og kunstopplevingar, utan omsyn til alderen eller funksjonsnivået deira.

Likeverd, ærlegdom og respekt er dei grunnleggande verdiane som skal prega alt arbeid og alle tenestene i Aurland kommune.
Kvaliteten på tenestene skal målast ved jamlege brukarundersøkingar. Spørsmåla i desse brukarundersøkingane samsvarar med utvalet av arbeidsmål slik dei er formulerte under.
Praktisk informasjon om kulturskulen finn du her

Dei tilsette i kulturskulen skal arbeida for at:

Elevane skal oppleva fagleg utvikling.

Elevane skal oppleva at læraren motiverer dei.

Elevane skal få undervisning tilpassa nivået sitt og utfordringar som dei kan meistra.

Elevane skal oppleva at læraren har forventningar til utviklinga deira.

Elevane skal trivast i samspel med andre elevar i kulturskulen.

Elevane skal oppleva respekt og at lærarane lyttar til meininga deira.

Elevane skal oppleva meistring og glede ved å opptre på konsertar, utstillingar og liknande.

Elevane skal oppleva høg standard på instrument, utstyr og læringslokale.

Dei føresette skal oppleva at eleven har god fagleg og sosial utvikling.

Dei føresette skal oppleva at eleven kjenner seg trygg og inkludert i kulturskulemiljøet.

Dei føresette skal oppleva at eleven føler han kan påverka læringsmåla sine.

Dei føresette skal oppleva god kommunikasjon med lærarar og leiinga ved kulturskulen.

Dei føresette skal oppleva at samarbeidet mellom kulturskulen og heimen fungerer godt og er prega av gjensidig respekt.

Kontaktinformasjon

Aurland musikk- og kulturskule

Tenesteleiar:
Monica Hille
Mobil 915 41 178

Postadresse:
Aurland musikk- og kulturskule
Vangen 1
5745 Aurland