Samfunnsdelen er utarbeida i den digitale planløysinga Framsikt. Trykk her for å lese planen

Kommunestyret vedtok i møte 16.06.22 å legge samfunnsdelen ut til høyring og offentleg ettersyn. Gjennom høyringa ønskjer kommunestyret spesielt innspel til tilleggspunkta i vedtaket:

KS- 026/22 Vedtak:

Kommuneplan for Aurland kommune, Samfunnsdelen 2022-2033 vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

Høyringsfrist for framlegget vert 10 veker frå utlegging.

Tilleggspunkt som fylgjer høyringa:

  • Punktet om 0-konsesjon vert teke ut frå samfunnsdelen.
  • Det må leggjast til rette for næringsareal som kan fremje utviklinga av arbeidsplassar.
  • Kommunen skal framleis arbeide for at Flåm skal vere eit berekraftig reisemål for cruise.
  • Aurland kommune skal jobbe vidare med å sikre liv og helse bl. a. knytta til Flåmsvassdraget
  • Endring av delmål for klima & miljø:

Aurland kommune vil kutte dei direkte klimagassutsleppa med minst 55% innan 2030, med utgangspunkt i utsleppa i 2018, og vere eit nullutsleppssamfunn i 2050.

  • 2.3 Aurland kommune er eit attraktivt reisemål heile året.

Tillegg: C. Aurland kommune skal vere ein nullutsleppsdestinasjon

  • 4.2.2 - Framtidsretta næringsliv og besøksforvaltning.

Delmål 2.2 - Jordvern og matproduksjon skal leggjast vekt på i Aurland kommune.

Tillegg til setninga: Mål om nullvisjon for nedbygging av matjord.

Plandokument
Her finn du samfunnsdelen i pdf-versjon
Her er saksutgreiinga frå kommunestyret
Kunnskapsgrunnlag: Statusrapport innan klima, energi og miljø


Kort om planen

Samfunnsdelen har tre satsingsområde som Aurland kommune vil satse ekstra mot, i tillegg til to gjennomgåande tema. I kvart satsingsområde er det satt opp mål for kva kommunen ønskjer å oppnå og strategiar for å nå desse måla. Mål og strategiar vil vera førande ved utforming av underordna temaplanar, økonomiplanen og kommuneplanen sin arealdel. Samfunnsplanen rullerast vanlegvis kvart fjerde år.

Merknader til planen

Merknader til høyringsutkastet kan sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland eller til post@aurland.kommune.no innan 05.09.22.

Ta gjerne kontakt med kommuneplanleggar Anja Marken på anja.marken@aurland.kommune.no, 95984646 eller arealplanleggar Tirill Evensen, tirill.evensen@aurland.kommune.no, 95984628 ved spørsmål.