I samfunnsdelen skal kommunen leggje vekt på viktige utfordringar og synleggjere dei strategiske vala kommunen tek. Dette gjeld samfunnsforhold som befolkningsutvikling, utbyggingsmønster, folkehelse, barn og unge, integrering og næringspolitikk. I tillegg skal samfunnsdelen sei noko om kommunen som samfunnsutviklar og tenesteleverandør. Den skal ta omsyn til nasjonale mål, FN sine berekraftsmål samt klima og folkehelse. Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga for heile kommunen og kommunen som organisasjon.
Planen omtalar visjon og mål for kommunen, tek for seg utfordringar og moglegheiter og kjem med forslag til tiltak. Økonomiplanen føl opp tiltaka i samfunnsdelen. Samfunnsdelen skal reviderast kvart fjerde år.
Kommunestyret vedtok oppstart av ny samfunnsdel for Aurland kommune 17.september 2020, du kan lese meir om det pågåande arbeidet under "Status samfunnsdelen" og korleis du kan gje innspel til arbeidet under "Korleis påverke".
Gjeldande samfunnsdel frå 2007 finn du her.
Les meir om samfunnsdelen på Regjeringa sine sider.