Det er rimeleg å tru at Ryggjakyrkja kan ha vorte bygd i byrjingi på 1100 – talet. I alle fall i mellomalderen. Enten har ho vorte bygd like etter Sigurd Jorsalfar si krossferd i 1108 – 1111. Kong Jorsalfar var dommar i saki mellom aust og vest, i striden mellom dei to mektige lendmennene Jon Peterson frå Aurlandsætti og Kale Kollson frå Agder. Dei hadde ein krangel om kven som var dei mektigaste lendmennene i Noreg. Det enda med drap på begge sider, men Sigurd Jorsalfar mekla og fekk Jon Peterson til å gifta seg med søster til Kale. Ho heitte Ingrid Kollsdotter og var av ei religiøs slekt. Dei gifte seg i 1129, og ho vart husfrue på Aurdalsgodset i Aurland.

Året etter i 1130 fekk dei ein son som fekk namnet Brynjulf. Det dei trur er at ho som var religiøs, har bede husbonden sin, Jon Peterson, om å få bygd ei kyrkje på Rygg.
Det kom eit skriv frå København om at Ryggjakyrkja skulle rivast, og det var fordi at steinkyrkja på Vangen no var vorten soknekyrkje. Grunnsteinen vart lagd 2. mai i 1202. Ho vart bygd i perioden 1202 – til ca.1280.

Ryggjakyrkja vart riven kring 1575. Det finst restar av stavkyrkja på Rygg i dag. Mykje av kyrkjetømmeret for hit og dit. Ein del av tømmeret landa i Korskirken i Bergen. Litt inventar og utstyr hamna på museet i Bergen. Ein veit òg at noko av tømmeret vart brukt på gardane i Aurland.

Kyrkjegarden på Rygg vart brukt like til 1806. I dag er det eit freda kulturminne.

På 1950-talet vart det sett opp ein bautastein for å markere tufti. Nord for bautasteinen ligg ei steinrøys om lag der Ryggjakyrkja skal ha stått. Sjølve steinrøysa veit ein ikkje så mykje om. Lokalhistorikar Anders Ohnstad meinte at røysa var eit minne om ein gamal stormann frå før Ryggjakyrkja vart bygd.

Nokre meter bortanfor bautasteinen ligg ein annan stor stein, den sokalla Bønesteinen. Han skal ha vore samlingspunkt for dei siste 6-7 menneske som levde att etter Svartedauden i Aurland. Steinen er òg interessant i geologisk samanheng, slik den ein gong må ha blitt plassert på eit framspringande punkt av den veldige innlandsisen.

I år 2000 vart kyrkjetufti på Rygg valt til Aurland kommune sin Tusenårsstad. I grunngjevinga frå innstillingskomiteen vart det mellom anna lagt vekt på staden sin sentrale rolle i Aurland sin kultur- og religionshistorie.

 Tekst:Hanna Hj. Borlaug Foto: Haakon Skjerdal