Buss

Rutetilbodet 2020 - Invitasjon til å kome med innspel til endringar i rutetilbodet i Sogn og Fjordane

Send innspel direkte til administrasjonen post@aurland.kommune.no med kopi til stale@sognefjord.no innan 23. juli.

Frå 1. januar 2020 går Sogn og Fjordane inn i nye Vestland fylkeskommune. Det vil framover verte arbeidd med å utforme det framtidige kollektivtilbodet i den nye fylkeskommunen. Dette er prosessar som ligg til den nye fylkeskommunen.

I mellomtida har vi behov for å gjere mindre justeringar for å sikre eit fungerande rutesystem, enten det dreiar seg om å justere for å betre ein korrespondanse, eller for å legge betre til rette for ei gruppe reisande.

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer med dette brukarar av kollektivtilbodet til å kome med innspel til forbetringar av tilbodet som skal gjelde frå ruteskiftet juni 2020.

Formålet med rutekjøpssaka i år er først og fremst å gjere naudsynte justeringar, samt å gje fylkeskommunen betre kunnskap om kva som er etterspurt.

Ruteplanprosessen
Første søndag etter skuleslutt kvar sommar gjer vi hovudruteskiftet. Alle justeringar som er bestemt vert då sette i drift. Prosessen med å fastsetje neste års rutetilbod startar på våren året før. Først ber vi brukarane av rutetilbodet om å melde inn behov for justeringar til sine kommunar. Sidan ber vi kommunane vurdere innspela og gje ein uttale om kva kommunen meiner bør prioriterast.

Alle innspel vert vurderte og lagt fram for politisk vurdering i fylkeskommunen. Rutetilbodet vert behandla parallelt med budsjettprosessen som føregår om hausten. I fjor kom det inn over 90 innspel som vart lagt fram for politisk prioritering.

Kva kan du gje innspel på?
Du er fri til å foreslå det du meiner det er behov for. Det er likevel verdt å merke seg at dei fleste rutene i fylket har bindingar. Ruter med skuleskyssfunksjon er i praksis låst, sidan skuleskyssen er ei lovpålagd teneste. Av andre bindingar kan nemnast korrespondanse med andre ruter og ferjetider. Det å justere ei rute til det beste for eit formål går ofte utover eit anna formål. Til sjuande og sist vert det ei politisk prioritering kva formål som skal prioriterast.

Det vert lagt opp til å gjere mindre justeringar innanfor gjeldande økonomiske ramme.

Kva vurderingar gjer fylkeskommunen
Når fylkeskommunen får inn eit innspel vurderer vi fleire forhold:
-Kostnad
-Statistikk
-Konsekvens
-Kva brukargrupper får eit betre tilbod og eventuelt kva grupper får eit dårlegare tilbod
-Tilråding frå kommunen
-Korleis innspelet høver saman med eit heilskapleg rutesystem og opp mot vedtekne planar og strategiar for rutesystemet.

Det vert og vurdert om innspelet skal handsamast som ein del av rutekjøpsprosessen eller om det av tidsomsyn må behandlast som eiga sak.

Kven avgjer
Innspel innkomne til rett tid vert lagt fram for politisk prioritering gjennom rutekjøpssaka.

Fristar
Brukarar av rutetilbodet må sende innspel til post@aurland.kommune.no med kopi til stale@sognefjord.no innan 23. juli 2019.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland