I samband med oppgradering av sentrumsparken i Flåm, samt at Aurland Hamnevesen KF måtte sjå på ein ny driftsmodell kring grøntområda, blei robotgrasklyppar handla inn. Etter litt snusing på kva som var mogleg å oppdrive, fal valet på ein Belrobotic BigMove. Dette då i samråd med Aurland kommune ved teknisk som har kjøpt tvillingbroren og har sett han i arbeid på idrettsbana ved Aurland barne og ungdomsskule.

Når ein ser på historikken til sentrumsparken, falt det naturleg å kalle denne opp etter ein person som historisk sett har hatt stor betydning for parken, nemleg Trygve Skjerdal.  Trygve, med sine 1.02 over skuldrene er ein perfeksjonist og arbeidshest av dimensjonar. Det vil difor være riktig og sei at det ikkje berre er namnet han har fått frå ordføraren. 

Arbeidshesten som arbeider på idrettsbana er kalla opp etter mangeårig leiar for idrettslaget Alf Strømsnes. 

Trygve står i dag for klypping av 6000 m2 plen, med ulike hinder. Han jobbar best om natta saman med det automatiske vatningsanlegget. Dette gjer at ein kvar morgon kjem til nyslått og nyvatna plen.  Det hender han sett seg litt fast, eller tar ei litt for ambisiøs rute. Då er det godt han er kopla rett på driftsleiaren i hamnevesenet sin telefon, som fort får han på rett kjøl igjen. 

Alf'n står for klypping av idrettsbana på om lag 6500 m2, også han jobbar best om natta, utan nattillegg. I likheit med Trygve set også han seg litt fast og det hender han tek med seg ei jakke eller to. Moralen i dette er at du må ta med idrettstøyet heimatt. 

Tilbakemeldingane på jobben dei to tvillingane gjer er positive, både frå lokalbefolkning, besøkande og fotballmiljøet.