Kyrkjegardsvedtekter

Reviderte 2014

AURLAND KYRKJELEGE FELLESRÅD

VEDTEKTER

FOR GRAVPLASSANE I AURLAND KOMMUNE

 

Heimla i lov av 7.juni 1996 om gravplassar, kremasjon og gravferder (gravferdslova), §21, med endringar tredd i kraft 01.07.2012

Vedteke i Aurland kyrkjestyre 03.06.2014, sak 5 / 14

Godkjend av Bjørgvin bispedømeråd xx.xx.20xx

 

  1. GRAVPLASSTILHØYRING

Avlidne personar heimehøyrande i Aurland kommune, kan verta gravlagde på valfri gravplass i kommunen. Dette gjeld og dødfødde born, når foreldra ønskjer det.

Personar med bustad utanfor Aurland kommune kan, mot fastsett avgift, verta gravlagde i Aurland etter særskilt løyve frå fellesrådet. Fritekne frå avgift er

  • personar frå Aurland som dei siste åra av livet har budd utanfor Aurland p.g.a. sjukdom eller alderdom.
  • personar som har far og / eller mor busett i Aurland.
  1. FREDINGSTID

Fredingstida for graver i Aurland er 20 år, med unnatak for felt A og B på Vangen kyrkjegard (nord for "Undredals-feltet"), der fredingstida, p.g.a. grunntilhøva, er 30 år. 

Urne kan setjast ned i grava før fredingstida er ute.

Etter fredingstida vert grava anten festa, eller ho fell attende til kyrkjegarden, og kan fritt takast i bruk av fellesrådet.

  1. FESTE AV GRAV

Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av, og, etter særskilt løyve frå fellesrådet, eventuelt ei ekstra grav. Desse gravene utgjer ein gravstad.

Ei grav vert festa for 10 år om gongen ved innbetaling av fastsett festeavgift. Kvittering for innbetalt festeavgift vert rekna som festebrev.

Når det ikkje er sagt noko anna, vert den som syrgjer for gravferda sett opp som festar.

Det er berre den første grava som vert nytta på ein gravstad, som er friteken for festeavgift i fredingstida.

Ingen kan gravleggjast på festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjera spørsmålet om gravlegging.

Festaren pliktar å melda frå om endring av adresse og telefonnummer.

Når det er gått 60 år etter den siste gravlegginga på ein gravstad, kan festet ikkje fornyast utan særskilt løyve frå fellesrådet.

  1. GRAV OG GRAVMINNE

Fellesrådet tek ansvar for planering og tilsåing av grav etter gravlegging.

Gravminne kan setjast opp 6 månader etter gravlegging av kiste. Før 6 månader er gått, må ein ha særskilt løyve frå fellesrådet for å setja opp gravminne.

Gravminne skal godkjennast av fellesrådet.

På Vangen og Flåm kyrkjegard vert gravminne oppsett i bakkant (vestre ende) av grava. På Bakka kyrkjegard vert gravminne oppsett 60 cm. framom bakkant (vestre ende) av grava. Ein føreset at gravminne vert oppsette på line med dei andre gravminna i gravrekkja. Innskrift på gravminnet skal venda mot aust.

På ny, festa gravstad vert gravminnet først plassert ved den grava som er teken i bruk. Etter neste gravlegging skal gravminnet verta sentrert på gravstaden. Det skal ikkje vera meir enn eitt gravminne på kvar grav.

Når fredingstida er ute, og / eller festet ikkje skal fornyast, skal den ansvarlege / festaren få tilbod om å fjerna gravminnet. Grava vert registrert som ledig. Gravminnet kan likevel verta ståande, men vil då verta fjerna av fellesrådet når grava skal takast i bruk att.

Det er høve til å ha lykt fastmontert på gravminne, men festar er sjølv ansvarleg dersom lykta vert knust/øydelagt under stell (som f.eks. slått) av gravplassen .

Bilete på gravminne skal ikkje vera større enn 12 x 9 cm.

Det er ikkje høve til å ramma inn ei heil grav / ein heil gravstad med hekk, stein, jarn, tre eller anna materiale.

Gravminne som ikkje er fjerna innan 6 månader etter utløp eller oppseiing av feste tilfell gravplassen.

  1. PLANTAR OG PLANTEFELT

Framom gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt. Det er høve til å ramma inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget rundt. Natursteinskanten skal ikkje vera festa saman med gravminnet sitt fundament. Plantefeltet, inkludert eventuell natursteinskant, må ikkje vera breiare enn gravminnet. Det kan ikkje stikka lenger fram enn 70 cm., målt frå bakkant av gravminnet. I plantefeltet kan det ikkje plantast vokstrar som er høgre enn gravminnet, eller går ut over plantefeltet.

Det er ikkje høve til å nytta plastblomar. Plantar, kransar o.l. som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og endar som avfall, skal vera heilt komposterbare.

Det er ikkje høve til ha lykt fastmontert på natursteinskant kring plantefelt.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.

  1. LYKTAR OG LYS

Når ein pyntar grava med lys, skal ein nytta gravlykt. Det er ikkje høve til å pynta grava med faklar eller lys med open eld. Lyktar skal takast vekk når dei ikkje er i bruk.

  1. ANSVAR FOR STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stella grava han / ho har ansvaret for.

Plantefelt som ikkje er stelt i samsvar med vedtektene, kan verta tilsått av fellesrådet etter at den som er ansvarleg for grava, er varsla minst ein månad på førehand.

  1. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å driva verksemd på gravplassane, skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyvet kan attendekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Tilsette i fellesrådet kan ikkje på eiga hand utføra tenester på kyrkjegarden mot godtgjering.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  57 63 29 95
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland