Karantenereglane er heimla i Covid-19 forskrifta. FHI har laga anbefalte retningslinjer i høve denne.

Ein negativ Covid-19 test frå nase/svelg fritek ikkje for karantene.

Desse anbefalte retningslinjene er:

 Alle frå utlandet må framleis vere i karantene i 10 dagar etter innreise til Noreg.

Opp til 5 personar kan vere saman i karantenetida. Dette betyr at ein kan dele fellesområde som bad, kjøkken og stove. Vi anbefaler at det ikkje er fleire enn 5 personar som delar på fellesareal og sanitæranlegg. Dette er også i tråd med arbeidstilsynet sin rettleiar: https://www.arbeidstilsynet.no/tema/innkvartering-av-arbeidstakere/

 Avgrensing av tal «samboarar» er av omsyn til smitteoppsporing dersom ein arbeidstakar blir sjuk, og for å unngå at eit større tal må settast i karantene på grunn av at dei er nærkontaktar.

 Arbeidstakarar som kjem frå utlandet kan ikkje nytte offentleg transport. Transport må arrangerast særskilt, eventuelt at dei som skal ha same bufellesskap nyttar same leigebil.

 Dersom ein av arbeidstakarane i ei felles bu-eining får påvist covid-19, vil sjølvsagt karantene for nærkontaktar gjelde for resten i bufellesskapet.

Kva gjeld når ein er i karantene?

Formålet med karantene er unngå smitte til andre i det ein eventuelt er i ferd med å utvikle sjukdom. Dette gjeld for personer som er i heimekarantene:

 Skal ikkje gå på skule eller jobb.

 Personar som bur saman kan omgåast normalt.

 Skal ikkje ta lengre reiser innanlands eller reise utanlands.

 Skal ikkje ta offentleg transport.

 Bør unngå stadar der det er vanskeleg å halde avstand.

 Bør som hovudregel ikkje oppsøke offentlege stadar, slik som butikkar og kafear. Ved mangel på alternativ, kan du gå ut for å gjennomføre nødvendige ærend i butikk eller apotek, men sørg for å halde tilstrekkeleg avstand (det vil seie minst 1 meter) til andre og unngå kø.

 Kan gå tur ute, men hald minst 1 meter avstand til andre.

 Ver merksam på eigne symptom. Ved feber eller luftvegssymptom, bør du isolere deg så snart som mogleg.

Finnast det unntak frå jobbforbod ved innreisekarantene?

Helsedirektoratet opnar for at sesongarbeidarar på gardsbruk kan arbeide i karantenetida. Det same gjeld andre arbeidarar som jobbar saman utan kontakt med andre menneske, eller som i arbeidet berre har kontakt med dei som dei allereie delar bustad med. Ein føresetnad er at dette skjer på forsvarleg vis med omsyn til smitterisiko.

Følgjande føresetnadar gjeld:

 Dei må i karanteneperioden kunne halde minst to meters avstand, og generelle smittevernråd må følgast.

 Arbeidsgjevar bør i forkant ha gjort ei risikovurdering av kva arbeidsoppgåver og -prosessar som kan la seg gjennomføre, og gjennomføre eventuelle, nødvendige tilpassingar for å redusere smitterisiko.

 Om ein av desse arbeidarane utviklar symptom på covid-19, reknast dei som mistenkt sjuke, og dei aktuelle personane skal då isolerast.

 Når det gjeld eventuelle spørsmål om kva konkrete arbeidsoppgåver arbeidarane kan utføre og kva dei eventuelt må bruke av verneutstyr, viser me til Folkehelseinstituttet sine smittevernfaglege vurderingar.

Arbeidsgjevar har ansvar for at den einskilde arbeidar blir informert om gjeldande karantenereglar og at dette blir lagt til rette for.

Arbeidsgjevarar som har spørsmål til denne lokale anbefalinga kan ta kontakt med:

Kontaktperson for næringslivet om smittevern er tenesteleiar Helse og Førebygging Guri Olsen tlf. 95 98 46 63  eller e-post guri.olsen@aurland.kommune.no