• Alle mulige behov for re-/ habilitering skal meldast til koordinerande eining

  • Retningslinjer for individuell plan går fram av flytskjema

  • Koordinerande eining har mandat til å oppnemne koordinator

  • Aurland kommune skal ha eit utval av koordinatorar rekruttert frå tenesteområda barnehage, skule, helse, nav og pleie- og omsorg

  • Koordinatoropplæring: fast samling x 2 pr år. Tidsramme 2-3 timar. Obligatorisk. Deler av samlingane vert felles for koordinatorar

  • Aurland kommune skal nytte Profil som registrerings- og dokumentasjonssystem for individuell plan

  • Koordinerande eining i Aurland kommune har eit overordna ansvar for at ordninga med individuell plan fungerer, systemansvar for individuell plan

Koordinerande eining, Systemansvar for individuell plan inneber at:

Koordinerande eining har mynde til utarbeiding av sektorovergripande rutinar, og ansvar for å arbeide med samarbeid mellom tenestene på tvers av ulike sektorar, nivå og regelverk

  • Har ansvar for generell opplæring og informasjon om individuell plan til leiarar og andre tilsette

  • Har ansvar for opplæring og rettleiing av koordinatorar

  • Har oversikt over planarbeidet i kommunen

  • Er kontaktpunkt for henvendelse om oppstart av individuell plan

  • Skal gi informasjon til søkjar om individuell plan, kvalitetssikre lik informasjon og lik behandling