Kommunen si plikt til å vedta reguleringsplan for eit område kjem fram av Plan- og bygningslova §12-1. Slik plikt oppstår for område i kommunen kor dette fylgjer av lova eller av kommuneplanens arealdel, og for område der det er behov for å sikra forsvarleg planavklaring og gjennomføring av bygge- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i høve til berørte private og offentlege interesser.

Reguleringsplan kan utarbeidast som ein områderegulering for fleire eigedomar eller for eit større område, eller som ein detaljregulering for einkelttiltak og einkelteigedomar.

Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal for meir informasjon. Alle vedtekne reguleringsplanar i Aurland kommune ligg tilgjengeleg på www.sognekart.no