Føremålet med planarbeidet er å laga ei reguleringsendring som legg til rette for tilkomst til nedre del av Ty bustadfelt. Reguleringsplan for Ty er vedteken utan at tilkomst for nedre del av feltet er avklart. Plan og utvikling har no gjort vedtak om at tilkomsten til nedre del av feltet skal skje via kryss felles med Skjerdalsvegen 69 A-F, 76, 77 og 78. Som ein del av planarbeidet skal det vurderast å flytte krysset noko mot sør. Endringane medfører og ein del endringar av reguleringsplan for Ty del 2. Avgrensinga er sett i samsvar med behovet for endringar.

Kommentarar/merknadar til planarbeidet kan sendast til Aurland kommune, e-post: post@aurland.kommune.no eller Vangen 1, 5745 Aurland, innan 10.03.2018

Sakspapir frå siste handsaming i plan og utvikling ligg tilgjengeleg her

Planavgrensing ligg her