Utval for plan- og eigedom og kommunestyret i Aurland har handsama planinitiativet og har vedteke at planprosess kan startast opp, med varsel og utlegging av forslag til planprogram. Vedtaket har eit premiss om at ved endring, må det også påreknast ein planprosess knytt til kaiområdet i Gudvangen.
Formålet med planen er å leggje til rette for å etablere deponi for fast avfall som mineralske massar og stabilisert flygeaske i fjellhaller under bakken; kombinert med framleis aktiv gruveverksemd med uttak av anortositt, i tråd med eksisterande ikkje-tidsavgrensa konsesjon.
Innspel som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast elektronisk gjennom www.opus.no via fana «Planvarsel», eller til adressa synt under:
Opus Bergen AS |
e-post: |
nett: |
Vi ber om at innspelet refererast til prosjektnummer P19040
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Aurland kommune – dette vil gjerast av OPUS Bergen AS. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert send kommunen, saman med planforslaget.
Frist for innspel er sett til 16. juni 2020.
Les meir om planen på Opus sine heimesider.
Handsaming i kommunestyret finn du her.
Plandokument: