I veke 16 og 17 held vi fram med undervisning digitalt slik vi gjorde før påske -  med god hjelp frå dykk foreldre. Vi held også fram med tilpassa tilbod i skule og sfo for born av foreldre som har samfunnskritiske jobbar og behov for avlastning.

Vi veit ikkje når 5. - 10. klasse får kome tilbake, men det vil truleg skje før sommaren. Vi kryssar fingrar for at det blir snart! Desse elevane skal framleis få heimeundervisning digitalt også etter at skulen er opna for dei yngste elevane. 

Elevar i 1. - 4. klasse kan altså starte oppatt på skulen måndag 27. april. SFO startar også oppatt same dag. Det vert utarbeidd strenge retningsliner for korleis vi skal forhalde oss til smittevern og undervisning. Det kan bli aktuelt med kortare dagar, berre gå på skulen nokre dagar pr. veke eller liknande. Skuleskyss for dei som nyttar det kjem også oppatt å gå sjølvsagt.

For at det skal opnast opp for fleire klassar så fort som råd, vert det understreka frå Helsedirektoratet og Regjeringa at vi framleis skal halde strengt på ALLE smitteverntiltak som vask av hender, halda avstand, halda oss mest mogleg heime og ha kontakt ute med færrast mogeleg.

Les siste nytt frå UDIR her   Her kjem oppdatert info etterkvart.
Vi legg ut info så fort vi har noko nytt på skulane sine heimesider.

Ta kontakt om det er noko de lurer på, eller om noko er uklart:
Flåm skule: tlf 959 84 650 eller 57 63 21 60
ABU: tlf 48 25 03 06 eller 57 63 18 00

Framleis GOD PÅSKE!
 
Helsing Flåm skule og Aurland barne- og ungdomsskule