Viser til pressemelding frå kommunelegen i Sunnfjord datert 15.03.20.

Aurland kommune vil med dette presisera fylgjande:

Aurland kommune har ikkje vedteke ytterlegare skjerpa karantenereglar. Forslag til mogeleg skjerpa karantenereglar skal drøftast førstkomande måndag. 

Det betyr at fram til eit eventuelt vedtak blir fatta, kan dei som bur andre stader og arbeider i Aurland eller omvendt reise fritt.

Grunngjevinga for dette er at kommunen har helsetenester i nabokommunar, og i tillegg har stor grad av arbeidstakarar frå nabokommuner. Eit slikt vedtak ville ha ei negativ påverknad på samfunnskritiske funksjonar.

Studentar som kjem heim frå utdanningsinstituasjonar  i Oslo, Bergen, Trondheim og Viken, eller kjem frå skular som vart stengt grunna smitte før allment stengepåbod, vert oppfordra til heimekarantene 14 dagar frå den dagen dei kom til Aurland.

 

Rådmann