For pleie og omsorg sin del tyder dette at praktisk bistand/heimehjelp kan bli stoppa eller redusert i ein periode. Hjelp til innkjøp av varer vil halde fram. Avlasting og støttekontakt er døme på andre tenester som kan bli nedprioritert. Naudsynt helsehjelp vil elles bli prioritert.

I dei heimane der helsepersonell er inne og yter tenester, er det særleg viktig at det er tilgjengeleg flytande såpe og tørkepapir, slik at personalet kan utføre håndhygiene og hindre smittespreiing.

Vi nyttar og høve til å oppmode pårørande til å hjelpe oss med å beskytte dei eldre og andre som er særleg utsette for auka risiko ved å bli smitta. Vi oppfordrar alle til å følge råda som kjem frå Folkehelseinstituttet i forhold til kontakt og begrensing av besøk i heimane. Dette er og viktig på grunn av personalet som skal inn og hjelpe, og som vi treng å halde friske.

Du vil bli kontakta om det vert endringar i dine tenester.

 

Tenesteeiningane Pleie- og omsorg og Bu- og miljø