Kva kan så du som huseigar gjere for å tilrettelegge din eigen bustad? Eg føreslår at du ser etter korleis det står til med BADET. På badet utfører me daglege gjeremål som har mykje å seie for trivsel og helse. På badet skal me vere mest mogleg sjølvhjelpne og me skal føle oss trygge. Sidan badet er så viktig for kvar av oss, ikkje minst når me blir eldre, blir det fleire innlegg om dette rommet framover, og denne gongen fokuserer me på vasken.

  • Viss du blir dårleg til beins kan det vere godt å kunne sitte og stelle deg ved vasken
  • Når du sit er det greitt å kunne sjå seg sjølv i spegelen
  • Det er og praktisk å kunne nå såpe, tannkost, handduk, barbermaskin og anna utstyr frå sitjande stilling
  • Kanten på vasken må vere flatare utforma for å komme godt til, både å betjene kranen og få hendene under vasstrålen og nedi vatnet når proppen er i
  • Lyset må vere godt og behageleg på same tid

Bildet viser ein vask som er funksjonell på mange måtar:

  • Det er plass til å komme godt innunder med knea, samstundes som du nårm kranen og vasstrålen og får hendene ned i vatnet, sjølv frå sitjande stilling
  • Du ser deg i spegelen like godt frå sitjande stilling som du ville sett om du sto
  • Det er plass til å setje frå seg saker og ting på høgre side av vasken, og du når handduken på veggen
  • Lampa over vasken lyser litt framover, men mest ned på vasken og området rundt den

Nokre forbetringsområde:

  • Den som sit (eller står) framom vasken ser ikkje venstre side av kroppen like godt som høgre, fordi glaset kjem i vegen.

Korleis er framkommelegheita i ditt eige hus? Aurland kommune ønskjer at du kan bu i din eigen heim så lenge du ønskjer. Dersom du har spørsmål om korleis du kan gjere tilpassingar for alderdommen kan du ta kontakt med:

Ergoterapeut Anna K. Marstein
e-post: a.k.marstein@aurland.kommune.no
Tlf 9598 4630. Kontorstad Fjordsenteret

 

Sjå også: Planlegg alderdommen! - trappa
Sjå også: Planlegg alderdommen! - dørstokk
Sjå også: Planlegg alderdommen! - tilkomst