For å kunne utøve myndigheit og tilby deg gode tenester, må me ofte handsame opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. I denne erklæringa skildrar me korleis me handsamar personopplysningane dine, kva som er formålet, kva for rettigheitar du har og anna.

Grunnprinsipp

Me har fleire grunnleggjande prinsipp som gjeld korleis me skal handtere personopplysningane dine. Det er at me skal handsame disse

  • lovlig, rettferdig, korrekt og med openheit
  • konfidensielt, verna mot utilsikta endring og vere tilgjengelege
  • vere samla inn til bestemte formål og ikkje seinare bli brukt på ei måte som er i strid med dette
  • kun blir nytta for det konkrete formålet, og ikkje lagra lenger det som er naudsynt eller pålagt
  • vere oppdaterte

Forslag til vidare lesing: personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 5

Formål

Formåla med handsaminga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagte oppgåver.

Kva som er grunnlaget for at me kan handsame personopplysningane dine

For at me skal kunne handsame opplysningar om deg må me ha eit rettslig grunnlag. Det kan for eksempel vere at du har gitt oss samtykke til å handtere personopplysningane eller me skal oppfylle ei avtale med deg. Det kan også vere naudsynt for at me skal oppfylle ei rettslig forplikting eller utøve offentlig myndigheit.

Dersom handsaminga er basert på samtykke, har du rett til å trekke det tilbake når som helst.

For sistnemnte grunnlag, kan du i visse tilfelle protestere mot handsaminga.

Noken gonger er det også eit lovfesta eller avtalefesta krav om at personopplysningane dine må gis.

Personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 6 – 11 og 21 gir utfyllande informasjon.

Innsyn

Som hovudregel har du rett til innsyn i de opplysningane som me handsamar om deg. Du har også krav på å få informasjon om handsaminga.

For å få innsyn må du kontakte personvernombodet eller den aktuelle tenesteeininga.

Du kan lese meir om dette i Personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 15.

Rett til å få korrigert personopplysningar som er feil

Dersom opplysningane våre om deg ikkje er riktige, har du også rett til å få korrigert disse. Det gjelder også dersom me ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Framgangsmåten er den same som for innsyn.

Personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærmare regler for dette.

Rett til avgrensa handsaming

I visse tilfelle kan du også krevje at handsaminga av personopplysningane dine blir avgrensa. Dette kan for eksempel skuldast at du meiner at personopplysningane dine ikkje riktige og det vil ta tid å vurdere dette.

Du kan da kontakte den aktuelle tenesteeininga.

Det vert elles mest til personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 18.

Dataportabilitet

For enkelte handsamingar kan du ha rett til såkalt dataportabilitet. Det vil sei at du kan krevje å få overført personopplysningane frå oss og til noken andre. Denne rettigheita har likevel fleire unntak. Retten gjeld blant anna ikkje dersom me handsamar personopplysningane dine for å utføre ei oppgåve i allmennheita si interesse eller me utøvar offentlig myndigheit.

Regler om dette finnes i personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 20.

Rett til å få sletta personopplysningar

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Denne rettigheita har imidlertid også unntak. For eksempel gjeld den ikkje for opplysningar som er arkivpliktige eller er naudsynte for å kunne krevje eller forsvare rettskrav.

Det vert elles mest til personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og arkivregelverket.

Kven deler me personopplysningane dine med?

Ved einskilde høve blir personopplysningane dine formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (for eksempel NAV og Husbanken) eller andre som me har plikt til å gi informasjon til. Det kan eksempel også vere driftsleverandørar eller andre som må utføre oppgåvene sine og har tilgang til opplysningane dine.

Aurland kommune vil i slike tilfelle alltid forsikre seg om at utvekslinga er basert på lovlig grunnlag, at krav for teieplikt vert overhaldt  og at eventuelle naudsynte avtalar vert inngått.

Opplysningane kan i samband med dette også bli overført til land utanfor Europa.

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling

Me vil sørgje for at personopplysningane dine er godt sikra teknisk. Me vil også ta omsyn til den risikoen som handsaminga kan ha for deg. I tillegg vil me gjennomføre andre tiltak for å nå de grunnprinsippa me nemnte i innleiinga. Dersom noke går gale, skal me ha rutinar for dette.

Nemnte plikter går fram av personopplysningsloven og personvernforordninga artikkel 24 og 25.

Informasjonskapslar

Nettsidane våre bruker informasjonskapslar for å tilby deg tilpassa nettenester og gi deg ei god brukaroppleving. Ei informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert lagra på maskina din.

Les meir om informasjonskapslar.

Personvernombod

Aurland kommune har personvernombod saman med IKT Nordhordland. Ombodet skal bidra til at me føl krava i regelverket og vere bindeledd mellom deg og kommunen dersom du treng hjelp i forhold til dine rettigheitar.

Du kan kontakte personvernombodet på telefon eller epost:

Lars Erling Aarland
lars.erling.aarland@iktnh.no
Mobil: 41450043

 

Klage til Datatilsynet

Du kan klage til Datatilsynet om du ikkje er nøgd med korleis me handsamar dine personopplysningar eller du meiner handsaminga strider med personvernreglene. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontaktopplysningar

Aurland kommune er behandlingsansvarlig og kan kontaktast på

E-post: post@aurland.kommune.no

Telefon: 57 63 29 00

Postadresse: Vangen 1, 5745 Aurland

Alle kommunen sine saksdokument er som hovudregel offentlige. Send derfor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønskjer skal bli allment kjent.

Kommunen er etter arkivloven forplikta til å føre offentlig journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast opp.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudregler. Dersom det er motstrid mellom den og personvernlovgivinga eller anna regelverk, har sistnemnte forrang.