Ein person som oppheld seg i Aurland har testa positivt for Covid 19. Personen er frå utlandet og var på veg til arbeid for ei verksemd som har arbeid i kommunen då vedkommande testa positivt ved ankomst til landet. 

Vedkommande har vore isolert etter ankomst. Kommunen har gjennomført smittesporing og nærkontaktar er kartlagt og sett i karantene.

På noverande tidspunkt ser ein ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet og situasjonen er førebels under kontroll.

Kontaktpersonar i Aurland kommune:
Tenesteleiar Helse og Førebygging Guri Olsen 95 98 46 63
Ordførar Trygve Skjerdal mobil 95 98 46 38