Kommunen har ikkje kjennskap til at personen har opphelde seg i Aurland kommune den seinare tid. Det er smitteteam på staden der personen oppheld seg som føl opp saka.

All den tid personen har folkeregistrert adresse i Aurland kommune, vil det være Aurland som får registrert personen i våre tal over smitta personar. Dette sjølv om personen ikkje har testa seg i Aurland kommune, eller har hatt opphald i Aurland ved smitte eller utbrot av sjukdom. Til dømes gjeld dette studentar. 

Ut i frå dei opplysningane som ligg føre på noverande tidspunkt, er det ingen grunn til bekymring for at der er smitte i Aurland kommune.