Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Vangen barnehage og Flåm barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane. Vangen barnehage har i dag tre avdelingar med ca 35 barn. Det skal opprettast ei ny avdeling ved denne barnehagen frå august 2020 og me søkjer difor etter pedagogisk leiar til denne avdelinga.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka
læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver - pedagogisk leiar
-delegere oppgåver og sørge for at dei blir gjort
-rettleie og følgje opp personale på avdelinga
-vere ein tydeleg leiar
-direkte fagleg ansvar for sin avdeling
-ansvar for heilskapleg planlegging, gjennomføring og vurdering og dokumentasjon av pedagogisk opplegg

Ansvarsområde - pedagogisk leiar
-leie og organisere arbeidet på avdelinga i samsvar med måla for kommunen og barnehagen
-utarbeide gode rutinar for informasjon og samarbeid på avdelinga
-samarbeid med styrar og eksterne
-ansvar for å gje styrar relevant informasjon

Arbeidsoppgåver - barnehagelærar
- deleansvar for vurdering, dokumentasjon og planlegge pedagogisk arbeid
- drifte avdelinga når pedagogisk leiar ikkje er til stades
- vere med å rettleie og følgje opp personalet på avdelinga

Personlege eigenskapar

-vere tydeleg rollemodell
-vere løysingsorientert
-ta initiativ til deg daglege arbeidet
-vere fleksibel og open for endringar

Kvalifikasjonar

Minimum treårig utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk
kompetanse.
Leiarerfaring er ei ynskjeleg. Personlege eigenskapar er viktige og vert vektlagt.
Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Me forventar at den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.
Gyldig politiattest er ein føresetnad for tilsetting.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.

Søknadsfrist 12.07.2020