Aurland kommune har to kommunale barnehagar. Desse er Vangen barnehage og Flåm barnehage, ved behov kan personalet bli flytta mellom barnehagane. Vangen barnehage har i dag tre avdelingar med ca 35 barn. Det skal opprettast ei ny avdeling ved denne barnehagen frå august 2020 og me søkjer difor etter pedagogisk leiar til denne avdelinga. Fram til då vil arbeidsstad verte Flåm barnehage.

Barnehagane i Aurland er med i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling. "System for styrka læring". Gjennom utviklingsprogrammet deltek tilsette og leiing i regionale kompetanse- og fagnettverk.
 

Arbeidsoppgåver
-vere ein god rollemodell
-delegere oppgåver og sørge for at dei blir gjort
-rettleie og følgje opp personale på avdelinga
-vere ein tydeleg leiar
-direkte fagleg ansvar for sin avdeling
-ansvar for heilskapleg planlegging, gjennomføring og vurdering og dokumentasjon av pedagogisk opplegg

Ansvarsområde som ligg til stillinga
-leie og organisere arbeidet på avdelinga i samsvar med måla for kommunen og barnehagen
-utarbeide gode rutinar for informasjon og samarbeid på avdelinga
-samarbeid med styrar og eksterne
-delta på avdelingsleiarmøte
-ansvar for å gje styrar relevant informasjon

Kvalifikasjonar
Minimum treårig utdanning som barnehagelærar eller anna høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk
kompetanse.

Leiarerfaring er ei ynskjeleg. Personlege eigenskapar er viktige og vert vektlagt.

Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk. Me forventar at
den/dei som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Personlege eigenskapar
-Vere løysingsfokusert
-Vere fleksibel og endringsvillig
-Tenkje på "korleis eg kan bidra til eit godt arbeidsmiljø?"
-Arbeide sjølvstendig

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gyldig politiattest er ein føresetnad for tilsetting.