I vedteken reguleringsplan for Undredal av 2019, er Undredal sentrum regulert til gatetun. I dette ligg det at besøkande i Undredal i størst mogleg grad skal gå frå parkeringsplass utanfor sentrumsområdet og ned til sentrum. Som ledd i oppfølging av reguleringsplan og prioriteringar i økonomiplan og budsjett, har Aurland kommune opparbeida og ferdigstilla parkeringsarealet Pottefot. Dette vil være eit viktig steg for å kunne realisere gatetun i Undredal sentrum. Tiltaket har også vore ei oppfølging av prioriterte tiltak i prosjektet Aurland trafikk og parkering.

Bilete 1.jpg

Bilete 2.jpg
Bilete teke av Jordalen Entreprenør AS.

Frå kommunen har Steve Elgåen vore prosjektleiar og  Jan Olav Å. Møller har vore prosjekteigar.  Vestland fylkeskommune har bidrege med massar og medfinansiering i prosjektet. Norconsult AS har prosjektert parkeringsarealet og vore ansvarleg søkjar. Utførande entreprenør har vore Jordalen Entreprenør AS. Formannskapet er prosjektstyre for prosjektet.

Sjå den prosjekterte løysinga som har lege til grunn for gjennomføringa her. I reguleringsplanen er det også regulert inn ein snuplass for buss. Dette er på fylkeskommunal grunn og realisering av snuplassen vil vera avhengig av at Vestland fylkeskommune prioritera tiltaket i sin økonomiplan og budsjett.

Kommunen har også asfaltert og merka opp parkeringsplassar i området rundt den gamle Brannstasjonen slik at ein får utnytta området betre og får ein betre trafikksituasjon i området.  Tiltaket er også ei oppfølging av vedteken reguleringsplan for Undredal sentrum.