Kjære bygdafolk!

Eit mikroskopisk lite virus, opphaveleg spreidd frå ein marknad i ein provins i Kina, var det som skulle til for å lamme nærast heile verda på kort tid. Viruset høyrde me om seinhaustes i fjor, me vart fortalde om konsekvensane frå Kina på nyåret, og for om lag ein månad sidan slo alvoret og konsekvensane også inn over oss for fullt.

Tiltak vart sett i verk for å hindre smittespreiing, og for å dempe trykket på helsevesenet. Målet var, og er, å verne liv og helse, samt få presse ned smittetoppen slik at den vert handterleg for helsevesenet.

Skular og barnehagar vart stengde frå 12. mars, og i dagane etterpå vart mykje av aktivt samfunnsliv redusert til nærast null. Stort sett alt innan hotell- og reiselivsbransjen vart stengt ned, og personellet permittert. Også verksemdene som leverer varer og tenester til næringa merka situasjonen umiddelbart. I andre bransjar vart aktiviteten redusert til eit minimum. Somme rigga seg til med heimekontor og utfører naudsynt arbeid derifrå. Samfunnet er ikkje til å kjenna att, og lite veit vi om kor lenge denne tilstande varer. Alt dette grunna eit mikroskopisk virus me ikkje har klart å temme enno….

Gjennom ulike media vert vi stadig minna om kva dette virusutbrotet fører til. Land etter land, mange av dei moderne samfunn med oppegåande helsevesen, vert råka hardt. Utfallet ser vi gjennom tal på innlagde og døde. Midt oppi dette har helsevesenet det daglege å ta vare på. Me har framleis ein befolkning som vert sjuke av andre årsaker, som bryt bein, som skal føde…….

Blant dei hardast råka er land som, for oss nordmenn, er populære reisemål både sommar og vinter. Når kan vi besøkje desse igjen, tru?

Så er det ein del menneskjer som lever i land utan fungerande helsevesen. Slike land er også prega av gjennomgåande fattigdom og mangel på demokrati. Ein kan vanskeleg førestille seg kva denne smitten kan føre til der. Truleg får vi aldri vite det.

I Norge ser vi at smittetala aukar sakte, og at tal på døde gjer det same. Enno skjer dette i eit omfang som er lågt samanlikna med land rundt oss. Kva årsakene er veit ikkje eg, men eg trur likevel at styresmaktene og kommunane sine tiltak, kombinert med innbyggjarane sin lojalitet og innsats er sterkt medverkande. Det syner seg at me stolar på styresmaktene våre i krisetider. Dette har me gjort i alle kriser, uansett politisk leiing. Lat oss fortsetje med det!

Regjeringa og Stortinget har synt seg tilliten verdig. Eit politisk samarbeid som vi kan vera stolte over. Sjølvsagt er det ulike meiningar om tiltak som er sett i verk, eller ikkje sett i verk, krisepakkar, smittefare osv. Eg registrerer òg at diskusjonen tek seg opp i media omkring spørsmål om kva nytte tiltaka har. Kunne vi ha komme like godt utav dette utan alle tiltaka, og lete naturen gått sin gang? Dette får vi neppe gode svar på, men vi veit i alle fall at til no har vi lite sjukdom og sorg i vårt land, medan vi tydeleg ser korleis stoda er i land der tiltak vart sett i gang for seint. Meiningsutveksling må vi sjølvsagt ha, men på eit sakleg grunnlag. Nok ein gong er det grunn til å minne om at dei som handterer krisa på vegne av oss andre, på ingen måte har fasiten i hand, men etter beste evne handlar for å hjelpe oss alle.

Frå ulike hald er det teke til orde for å løyse litt opp på tiltaka, til dømes ved å starte oppatt vanleg undervisning for delar eller heile skuleverket. Styresmaktene vil truleg komme med ulike råd om dette og anna no fram mot påskehøgtida.

Personleg håpar eg at styresmaktene framleis «held godt innåt» framover. Eg vel å tru at årsaka til lite sjukdom og få dødsfall i Noreg skuldast eit strengt smitteregime og gode smittevernråd. Lat oss ikkje løyse for tidleg opp på dette. Eg minner om at tiltaka vart sett i gang for knapt ein månad sidan, og at styresmaktene snakkar om ein smittetopp frå slutten av mai og utover.

I Aurland er det framleis ikkje registrert smitte. Pr. dags dato er det testa 21 personar. Ei streng prioritering innan prøvetaking gjer at ikkje fleire er testa. I eit par av nabokommunane våre er situasjonen annleis. Både i Voss og Hol er det registrert mange smitta.

Fram til for ein knapp månad sidan var Aurland ein kommune nesten utan arbeidsløyse. Situasjonen endra seg fort etter at næringslivet vårt vart stengt ned. Over natta auka tal permitterte og arbeidslause til over 19 %, og har seinare auka endå litt. Såleis gjekk me på eit par veker frå å vera den kommunen i Vestland med lågast tal, til å bli kommunen med høgaste tal.

Under normale omstende ville kommunen vår i desse dagar hatt eit yrande folkeliv av internasjonale og nasjonale gjester. Turistsesongen ville vore godt i gang, og mange påsketuristar ville ha funne vegen til bygdi til familie og venner.

Reiselivsverksemdene er dei som først og hardast merka ringverknadene av styresmaktene sine tiltak. Deretter alle verksemder som leverer varer og tenester til denne store og viktige næringa. Nokre verksemder held framleis hjula i gang. Lat oss håpe dei kan fortsetje med det framover.

Det er liten tvil om at det vi går igjennom no vil merkast i lang tid. Vi veit ikkje når krisa er over eller kva skadeverknadene vert. Mange ottast med rette for både livsverk og arbeidsplass, og dermed også personleg økonomi.

Me kan prise oss lukkeleg for at me bur i eit av verdast beste land. Regjeringa har handlefridom til å setje ulike tiltak i verk, mellom anna økonomiske krisepakkar til verksemder, endringar i ulike regelverk, avgiftslette mm. Alt dette tiltak i ein storleik som berre velfungerande og framsynte demokrati maktar. Tenk så heldige me er som lever i eit slikt samfunn.

Også fylka og kommunane lagar ordningar for å hjelpe der det trengst. Eg er smerteleg klar over at i kjølvatnet av denne krisa vil somme oppleve andre kriser, men i det store og heile har eg håp om at dei fleste skal komme velberga igjennom. Det gjeld å ha ei realistisk og positiv innstilling.

Frå kommuneadministrasjonen kan eg melde om travle og uvanlege arbeidsdagar. Mange brukar mykje av arbeidstida si for å leggje til rette for oss andre. Mange arbeider frå heimekontor, og det meste av møter går føre digitalt.

På same tid skal også dei vanlege samfunnsfunksjonane oppretthaldast så langt det let seg gjera. Også i denne tida er det folk som ventar på handsaming av til dømes planar og søknader, og ikkje alle desse klarar å ta inn over seg at prioriteringane må bli noko endra for ei stund. Prioriteringane no gjeld i første rekkje å leggje til rette for å kunne møte ei potensiell framtidig krise med mykje smitte og sjukdom blant helsearbeidarar, administrasjon, matforsyning mm. og der fokus på liv og helse er viktigast.  Andre mindre viktige ting må vente.

Staben, dvs. leiarane innan ulike sektorar, kommunelege, rådmann og ordførar møtest kvar måndag og torsdag i tidsrommet 09.00 -12.00 for å informere og planleggje. Det meste av planlegginga  er retta mot ein potensiell situasjon der store delar av administrasjonen, helsevesenet og samfunnet elles er smitta. Det er planlagt og opprette isolasjonsplassar på gamle sjukeheimen. Her er det tilrettelagt for at smitta og sjuke skal kunne få pleie av fast personell. Elles vert det gjennomført opplæring, kursing og tilrettelegging for personell som i ei tid framover vert omdisponerte til helsevesenet.

På ettermiddagen same dagane som stabsmøta er, vert det gjennomført digitalt møte mellom kommunane i Vestland, fylkesberedskapssjefen, fylkeslegen mm. Her vert vi orienterte om status, nye tiltak, retningsliner mm. Det er og høve til å få svar på ulike spørsmål.

Innimellom alt dette er det andre planleggingsmøter. Mellon andre hadde me sist fredag eit godt møte med Aurland Sanitetslag og Røde Kors Aurland. Begge desse laga er svært viktige i beredskapen vår, og vil framover kunne bidra med innsats i viktige samfunnsoppgåver.

Sist torsdag gjennomførde formannskapet møte via nettet. Møtet gjekk greitt, men vi som er godt vaksne føretrekkjer nok fysiske møter. I møtet vart sjølvsagt den framtidige økonomiske situasjonen til kommunen diskutert. Vi ser allereie no store inntektstap grunna manglande selskapsutbyte, sviktande skatteinntekter og låg straumpris. Budsjetterte investeringar vart reduserte og omprioriterte i møte, men eg er redd dette er ei øving me må ta ein gong til når vi ser det endelege resultatet av krisa.

Ordføraren deltek på dei møta det er naturleg å delta på. Det er viktig å halde seg orientert. Elles går mykje av tida til kontakt med dei som i denne situasjonen har spesielle samfunnsviktige oppgåver. Mange ringjer for å få råd, tips og avklaringar om kva dei kan, og ikkje kan, i denne situasjonen.

I krisetider ser me tydeleg kva som er våre viktigaste behov, -tilgang på mat, reint vatn, straum, renovasjon, helsehjelp og kunnskap. I kjølvatnet vil det ikkje vera unaturleg om ulike debattar dukkar opp, til dømes om mattryggleik, sårbarheit og verdival. Dersom ein skal kunne dra noko positivt utav ei slik krise, kan det vere at me no har sjansen til å starte på nytt, eller rette på det me meiner kan bli betre. Dette gjeld både på offentleg og privat plan. Vi kan ikkje leggje skjul på at denne krisa også syner sårbarheita vår.

Vi nærmar oss påskehøgtida. Som eg skreiv lengre oppe er dette ei tid der kommunen vår vanlegvis yrer av liv både i fjellet og i låglandet. Slik vert det slett ikkje i år. Alle smittevernråd, forskrifter og lover som regulerer aktiviteten vår gjeld også gjennom påska. Det betyr at hytter, fritidseigedommar, feriehus og liknande ikkje kan nyttast av tilreisande. Det er oppfordra om at alle held seg på sine heimeadresser gjennom høgtida. Tilbakemeldingane eg har fått, tyder på at campingplasseigarar og hytteutleigarar tek situasjonen på alvor og held stengt. Alle smittevernråd om møteplassar, avstandar, handvask og liknande er minst like gjeldande no som dei har vore før.

Dette er heller ikkje i påska ekstremsport og anna farefull aktivitet skal gå føre. Oppfør deg slik at du minimerer sjansen for å påføre helsevesen og redningspersonell ekstra arbeidsbyrde. Mykje snø i fjellet gjer skredfara stor. Helsevesenet og redningspersonell set pris på at dei slepp å bli brukte til oppdrag som påfører dei ekstra arbeid. Det er eit faktum at bruk av redningshelikopter eller ambulanse kan føre til omfattande vask og desinfisering, og dermed set ressursar ut av spel i periodar.

Nyt høgtida godt. Kom deg ut i frisk luft. Reis gjerne til fjells, men utset deg ikkje for fare. Dersom me er heldige og får fint ver i påska, er det mykje god rekreasjon i ein tur på stranda eller i skogen.

Kanskje vart det vel mykje formaning i teksten, men eg meiner det er viktig at vi fortset denne nasjonale dugnaden på same gode måten framover. Eg trur at smittetala i landet talar eit tydeleg språk om at strenge tiltak hjelper. Lat oss halde trykket oppe! Til meir me tenkjer samfunnsdugnad, til lettare kjem me oss igjennom dette!

Til alle dykk som hadde planlagt påskefeiring i Aurland, men lojalt følger styresmaktene sine pålegg: De skal vite at de er sakna, og at de er hjarteleg velkomne tilbake når krisa er over!

Nok ein gong, kjære bygdefolk, - vær optimistar, ta ansvar og følg smittevernsreglane. Har de behov for råd, hjelp eller berre vil slå av ein prat, ring meg gjerne på tlf. 95984638.

Sjølv skal eg nytte mykje av påska i sauefjøset. Lamminga startar snart for fullt både hjå meg og andre sauebønder. Me må rekne med lange dagar og netter framover, men med arbeidsdeling og god avløysing skal det nok gå bra.

Eg vil med dette nytta høve til å takke alle som deltek i dugnaden, og med ein spesiell takk til dei som utset seg sjølve for større risiko, belastning og arbeidsbyrde enn oss andre.

God påske!
 

Trygve Skjerdal
Ordførar