Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
4. mars 2021 kl. 15:15

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Påmelding til temamøte – lokalsamfunn og næring

I samband med arbeidet med samfunnsdelen arrangerer Aurland kommune fleire temamøte om lokalsamfunn og næring i februar. Her får du informasjon om tidspunkt og påmeldingsfrist.

I staden for å arrangere to store fysiske temamøte arrangerer kommunen fleire mindre fysiske møter for å ta omsyn til dei nasjonale føringane om smittevern.

Det er også mogleg å gjennomføre slike møter på eiga hand saman med venner, familie, eit lag eller organisasjon du er medlem i eller i ein bedrift du arbeider i. Spørsmåla og informasjon om gjennomføring finn du her.

Temamøte lokalsamfunn og tenesteutvikling

På dette møtet fokuserer me på spørsmål rundt nærmiljø, aldersvennleg samfunn, inkludering, frivilligheit og omdøme. Møtet blir arrangert som eit gjestebod (workshop) der deltakarane svarer på ulike spørsmål.

Tidspunkt og stad:

Tysdag 9.februar kl.12-14, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Tysdag 9.februar kl.18-20, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Onsdag 10.februar kl.18-20, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Torsdag 11.februar kl.18-20, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Påmeldingsfrist fredag 5.februar

Send påmelding til forut@aurland.kommune.no

Maks 10 deltakarar per møte, så lenge dei nasjonale føringane ikkje endrar seg. Det må vere minst 5 påmeldte for at møtet skal bli gjennomført.

Temamøte næringsutvikling og besøksforvaltning

På dette møtet fokuserer me på spørsmål rundt næringsutvikling, klimaomstilling, sårbarheit, reiseliv og besøksforvaltning. Møtet blir arrangert som eit gjestebod (workshop) der deltakarane svarer på ulike spørsmål.

Tidspunkt og stad:

Måndag 15.februar kl.12-14, digitalt møte på Teams

Tysdag 16.februar kl.18-20, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Onsdag 17.februar kl.14-16, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Torsdag 18.februar kl.13-15, kommunestyresalen Aurland Rådhus

Påmeldingsfrist fredag 12.februar

Send påmelding til forut@aurland.kommune.no

Maks 10 deltakarar per møte, så lenge dei nasjonale føringane ikkje endrar seg. Det må vere minst 5 påmeldte for at møtet skal bli gjennomført.

 

Ta gjerne kontakt med sakshandsamar anja.marken@aurland.kommune, 95984628 eller Ingunn B. Skjerdal ingunn.skjerdal@aurland.kommune.no, 95984646 ved spørsmål.

Høringsperioden er nå avsluttet, det er derfor ikke lenger mulig å gi uttale på denne planen.

Send skjult innspill


Din høringsuttale til planen vil bli registrert i kommunens sak- og arkivsystem. Meldingen publiseres ikke.

Illustrasjon temamøte frå drodleriet.no