-Eg vil takke kommunestyret for tilliten. På vegner av kommunestyret vil eg òg takke bygdefolket for tilliten, for at vi sit slik vi gjer. Vi skal gjere vårt beste. Ein skulle tru at vi hadde ei veldig enkel kommune å styre, men vi bur i ein av dei beste kommunane i eit av verdas beste land. Det er ofte ei utfordring i seg sjølv. Vi skal gjere så godt vi kan, sa ordførar Skjerdal etter overrekking av klubbe, ordførarskjede og blomar.