Statsforvaltaren skal informere om arbeidet i kommunestyret 9.februar 2023 kl.10. Du kan følgje med på KommuneTV eller møte opp i kommunestyresalen dersom du ønskjer å bli orientert om arbeidet. 

Verneprosessen er eit ledd i arbeidet med å verne eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar. Sognefjorden representerer eitt av dei mest særeigne og manfaldige undersjøiske naturområda vi har i landet, den er eit eineståande naturfenomen som verdas djupaste og vår lengste fjord. Verneverdiane er knytt til den geologiske utforminga av fjorden med dei spesielle botnforholda og tilhøyrande dyreliv. 

Det skal gjerast ei konsekvensutgreiing og Statsforvaltaren har utarbeidd eit forslag om utgreiingsprogram som syner kva tema og problemstillingar som skal greiast ut som ein del av konsekvensutgreiinga. Kvar ei eventuell vernegrense skal gå er eitt av fleire tema som verneprosessen skal avklare. 

Her finn du oppstartsmeldinga og utgreiingsprogrammet
Her kan du følge arbeidet med verneprossen

Slik sender du inn innspel
Frist for å sende innspel til oppstartsmelding og utgreiingsprogrammet er 15.mars 2023. 
Send innspel til sfvlpost@statsforvalteren.no eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6868 Leikanger.

Formannskapet skal handsame saka 16.mars 2023.