Eg deler bekymringa til dei foreldra og føresette som grunna fare for koronasmitte ikkje ynskjer at mange skal samlast, -korkje yngre eller eldre. Ordføraren vil ikkje nekte nokon å samlast, men vil på det sterkast oppmode alle om å late vera, eller i alle fall syne størst mogeleg varsemd.

Ta del i dugnaden, tenk for all del over smittefaren, og bruk alle smittevernsreglane aktiv.

God helg til alle!

Trygve Skjerdal
Ordførar