Kurset vert denne gongen på teams, og det er ope for alle -sjølv om du ikkje var med på sist kurs!

Me ynskjer å få med oss flest mogleg på kurset og har difor laga til ein avstemming slik at potensielle deltakarar kan sei noko om når på dagen kurset skal vera. Avstemminga skal vera anonym, og svarfrist på undersøkinga er 7. juli . Undersøkinga er lagt opp slik at du set det tidspunktet du helst ynskjer at kurset skal vera på øvst, og rangera dei andre tidspunkta i den rekkefølga som passa best for deg.

Avstemming for tidspunkt for kurs 27. august

Denne datoen vart valt i samband med at det er ein del søknadsfristar 1. september 😊

Litt informasjon om kurset:

Tema på kurset:

  • Kort repetisjon frå tilskotskurset
  • Norge har 6 245 stiftingar som kvart år gir vekk gåver for over 6 milliardar kroner
  • Korleis kan «me» søka tilskot frå stiftingane?
  • Korleis tenkje nytt og utføre A4-boksen?- fokus på moglegheitene!
  • Eksempel på ein enkel og kort søknad til ein stifting.

Dagskurs: Tysdag 27. august- Endeleg tidspunkt vert avklart seinare, det vert gjennomført på dag- eller kveldstid, og varar i om lag 3 timar. 

Førelesar:

Anders A. Vik sit med spisskompetanse på tilskotsordningar og stiftingar. Han har sidan 2006 hatt kurs om stiftingar og tilskotsordningar, Norge rundt. Han har med sin kreativitet fokus på å tenkjer nytt og utføre A4 boksen. Dette både i sjølve søknaden og kvar ein kan søkje tilskot frå.

Anders A. Vik er kjent for å ha ein lett og underhaldande undervisningsform. Kurset vil fokusera på stiftingar som Anders A. Vik har arbeida mot i over 20 år.

 

Informasjon om påmelding legg me ut når tidspunkt for kurset er bestemt.

Har de spørsmål ta kontakt med Linn-Janette Underdal Skarsbø.
E-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no