Om koronaviruset

Det er som kjend eit utbrot med eit nytt Koronavirus (COVID-19) i Kina, som ikkje tidlegare har vore påvist hos menneske. Den seinare tid er det og aukande førekomst i særleg Nord-Italia og Sør-Korea. Når slike utbrot oppstår, er det viktig å hindre eller avgrense smittespreiing då det enno ikkje ligg føre immunitet hos menneska.

Viruset er ikkje så farleg som ein fyrst antok. Friske vaksne og born får vanlegvis milde symptom. Viruset kan fyrst og fremst vere farleg for eldre personer og personer med svekka immunitet. Det er difor viktig at også friske personer og personer med milde symptyom bidreg til å avgrense smittespreiing ved å fylgje dei råd helsetenesta gjev.

Ring fastlegen eller legevakta

BRUK TELEFONEN om du har du symptom på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, feber, sjukdomskjensle) og har vore i aktuelle risikoområde for spreiing dei siste 14 dagane eller har vore i nærkontakt med person med påvist smitte med COVID-19: 

  • Spreiinga av viruset vert rekna å vere utbredt i fastlands-Kina.
  • Spreiinga vert rekna å vere lokalisert, men vedvarande, i Hong Kong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionane Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia.
  • I andre land der det er påvist smitte, er det ingen eller svært begrensa smittespreiing innanlands. Desse vert difor ikkje rekna som område med vedvarande spreiing.

Er du i risikogruppa, så ta kontakt med ditt fastlegekontor på telefon. Er det utanom vanleg kontortid, så ta kontakt med legevakta på 116 117. Du får då snakke med lege som vil vurdere smitterisiko, og planlegge vidare transport, oppfølging og prøvetaking av deg. Inntil du har vore til lege skal du unngå nærkontakt med andre menneske, og unngå bruk av kollektivtransport.

Folkehelsa har no opna ein publikumstelefon, 815 55 015 Telefonen er open kvardagar mellom kl. 8:00 og 15:30.

Situasjonen i Noreg

Noreg har no, som fleire andre europeiske land fått enkelttilfelle med dokumentert smitte. Dei fleste sitt i heimeisolasjon medan dei venter på svar på virusprøve. Dei er blitt smitta i område med pågåande spreiing og tatt med seg viruset heim. Me har i dag ikkje ein situasjon med smittespreiing i Noreg.

Hand- og hostehygiene viktig

Vanlege smitteversråd er viktige; vask hendene hyppig med vatn og såpe, bruk handsprit når vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg. Ved hoste bruk anten papirlommetørkle eller host i albogen, og ikkje host mot andre menneske. Dette har og ein veldig god førebyggande effekt mot influensa, omgangssjuke og anna som har hyppigare førekomst no i vintermånadane.

Munnbind er ikkje anbefala til vanleg bruk. Eit munnbind vil samle fukt frå munnen og kunne bli ei smittekjelde i seg sjølv viss ein har det på for lenge.

Munnbind fungerer godt i situasjonar kor ein ynskjer å beskytte seg sjølv eller omgjevnaden ved nærkontakt (Nærare enn 1 meter).

Munnbind skal alltid kastas etter bruk.

Informasjon om koronaviruset

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet følger nøye med på virusutbrotet. Du vil finne oppdatert informasjon og fakta på dei nasjonale nettsidene: