Mange er nok også kjende med kven det vert leita etter og utfallet til no. I samråd med familien vart navnet til den sakna frigjeve ikveld. Den sakna er Christoffer Lysne Elgåen.

Christoffer vart meldt sakna måndag morgon, og etter kvart vart det sett i gang leiteaksjon etter han. Til no har leitinga ikkje gjeve resultat.

Christoffer er ein sosial, kjekk og aktiv person som har ein stor vennekrets. Mange rundt Christoffer kjenner på sorg, sakn og uvisse. 

For å kunne imøtekomme behovet for informasjon, støtte og hjelp opnar difor Aurland kommune dørane til rådhuset i morgon kveld frå kl 19.00. Alle er velkomne innom kantina for ein prat. Her kan ein stille spørsmål, bli orientert eller berre snakke med nokon. Til stades vil det vera representantar frå kriseteamet, kommunen, brannvesen, politi, Røde Kors Aurland, ordførar mm.

Det vert servert kaffi, brus og litt å bite i.

Me må ta omsyn til koronasituasjonen, så vanlege smittevernsreglar må føljast.

Trygve Skjerdal
ordførar