Då er du velkommen til å møte oss i Fosterheimstenesta og du får møte ein fosterfamilie som  har vore / er fosterfamilie for fleire ungdom. Fostersysken og tidlegare fosterungdom vil også vere tilstades på møte.

Dette får du vite meir om:

  • Kven er desse barna / ungdommane ?
  • Kva treng dei ?
  • Kven kan bli fosterforeldre ?
  • Korleis blir du fosterforelder ?
  • Kven vert dine samarbeidspartar ?
  • Økonomi m.m.

Informasjonsmøte er uforpliktande for deg som møter opp – her har du sjansen til å få informasjon og stille spørsmål om dei mange spennande oppgåvene til fosterfamiliar for unge / ungdom.

På forsida til Fosterheimstenesta Sogn og Fjordane kan du blandt anna få informasjon om kurs og opplæring og om barn og unge som ventar på fosterheim.

Vel møtt!