Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Områderegulering for Flåm sentrum

Områdeplan for Flåm er vedtatt

Kommunestyret vedtok områdeplanen for Flåm 30.mars. Her finn du plandokumenta med dei vedtatte endringane. Klagefristen er 6.mai 2023.

Plankart utan omsynssoner

Resultat frå prøveboring etter kvikkleire i Flåm

Før jul vart det gjennomført prøveboring for å vurdere forholda knytt til grunnstabilitet (kvikkleire) i Flåm. Resultata frå undersøkinga er klar og det er ikkje påvist sprøbruddmateriale eller kvikkleire.  

Bilde som viser punkta for prøveboringa

Prøveboring etter kvikkleire i Flåm

I løpet av dei neste vekene vil det bli gjennomført prøveboring på fleire stader i Flåm. Dette vert gjort i samband med det pågåande arbeidet med områdeplanen for Flåm for å avklare om det finst kvikkleire i grunnen.

Bilde som viser punkta for prøveboringa

Vidare arbeid med områdeplanen for Flåm

Det må framleis gjerast noko arbeid med områdeplanen for Flåm knytt til det ustabile fjellpartiet Stiksmoen og andre motsegn. Kommunen jobbar mot å få på plass eit nytt høyringsforslag til august.

Faresone knytt til det ustabile fjellområdet Stiksmoen

Nye utgreiingar om skred og flodbølgje frå fjellpartiet Stiksmoen

Aurland kommune har motteke ei oversending frå NVE som inneheld informasjon om fare- og risikoklassifisering, flodbølgemodellering og faresoner frå fjellpartiet Stiksmoen. Oversendinga frå NVE inneheld utgreiingar frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) og Norges Geologiske Institutt (NGI).

Statusoppdatering om områdeplanen for Flåm sentrum

Høyringsperioden for områdeplanen i Flåm er avslutta. NVE og Statsforvaltaren har varsla motsegn til planen og det er avtalt eit dialogmøte med dei for å avklare den vidare prosessen for områdeplanen for Flåm sentrum. Statsforvaltaren har fått utsett frist for fråsegn til planen til ei veke etter dialogmøtet.

Høyringsframlegg: Plankart for områderegulering for Flåm

Flaumvurderinga for områdeplanen for Flåm er ferdig

Før områdeplanen for Flåm kan leggjast ut på høyring måtte det gjerast ei flaumvurdering for nye tiltak som vert foreslått i planen. Denne vurderinga er no ferdig. 

Flaumvurdering områdeplan for Flåm

Oppdatering områdeplanen for Flåm

Før kommunen kan leggje områdeplanen for Flåm ut på høyring må det gjerast ny flaumvurdering. 

A-feltet 2019