Om den nye Symjehallen i Aurland

Laurdag 27. april opnar den nye symjehallen i Aurland.

Hallen vil ha eit nytt 5x10.5 meter stort terapibasseng med 0.9-1.5 meter djup. Terapibassenget er tileigna for både unge og gamle med rampe og 34 grader badetemperatur. Terapibasseng vil være skilt ifrå det store symjebassenget med ei skyvedør. 
 
Også det store symjebassenget blir pusset opp. Djupsida blir 2.5 meter djupt og betre tileigna stuping med eit nytt stupeplattform. Heile anlegget har også fått nytt tak, klima- og ventilasjonsanlegg, flisbelegg og vindauga.
 
I desembermøte til kommunestyret blei tid og prisar for ordinær opningstid vedteken.

Ordinær opningstid blir
18:00 til 21:00 Tysdag og Torsdag
11:00 til 14:00 Laurdag

Det blir ein felles klyppekortsordning med symjehallen og trimrommet.

Pristabell Eingongsbillett Klyppekort (12 klypp)
Småbarn:                        50                                365
Barn:                               50                                365
Ungdom:                         50                                365
Student:                          50                                365
Vaksen/ honnør:           100                                630
 
Det er og mogleg for grupper å få tid i hallen utanom ordinær opningstid. Alle grupper som har ynskje om å få eige tid i symjehallen må ta kontakt med Ola Bjørgum ved Ola.Bjorgum@aurland.kommune.no  innan 15.02.19. Vilkåra for bruk av symjehallen utanom ordinær opningstid blir annonsert seinare.
Arbeidet pågår
Ny symjehall tek form
Arbeidet pågår 2
30. april er den klar til bruk
Arbeidet pågår 3
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland