Nærøyfjorden 18.07.2010 Foto: ALR Noralv Distad

Om Aurland

Aurland har omlag 1720 innbyggjarar fordelt på dei fem bygdene Aurlandsvangen, Vassbygdi, Flåm, Undredal og Gudvangen.

Aurlandsvangen er kommunesenteret og der ligg dei fleste sørvisfunksjonane som lege, tannlege, NAV kontor, bank, eit utval av butikkar som driv detaljhandel, kino, symjehall, idrettshall, bibliotek og kulturhus. På Aurlandsvangen, i Flåm, Gudvangen og i Undredal er det daglegvarebutikkar. Bensinstasjon finn du både ved Aurlandsvangen og i Gudvangen.

Alle grendene har eit eller fleire samfunnshus som blir nytta til  lokale arrangement og festivalar. Samfunnshusa blir drifta av frivillige organisasjonar og er mogeleg å leige også til private merkedagar. Meir informasjon om dei ulike sørvistilboda finn du på internett, eller du kan ta kontakt med kommunetorget i kommunen på telefon 57 63 29 00.

Aurland kommune har fleire nasjonalt- og internasjonalt kjende attraksjonar og merkevarer. Nokre av dei mest kjende er Flåmsbana, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Nærøyfjorden, Undredal stavkyrkje, utsiktspunktet på Stegasteinen, nasjonal turistveg Aurlandsfjellet, Vikingsfestival, landsline for økologisk landbruk, Aurlandskoen, prisvinnande brun og kvit Geitost og andre nisjeprodukt.

Fritid

Aurland ligg sentralt i forhold til friluftsliv, sommar- og vinteraktivitetar. Sognefjorden eignar seg godt for padling og roing. Det er tre mindre båthamner i kommunen som tilby leige av båtplass for motorbåt. Storparten av kommunen sitt areal er fjellområde over 900 meter. Gode vegkommunikasjonar gjer at det er kort veg frå fjord til fjell. Som innbyggjar i Aurland har du gode mogelegheiter til å drive med både reinsjakt og fjellfiske. Aurland har idrettsanlegg for fotball, handball, volleyball, sandvolleyball, klatring m.m. Det er over 50 lag og organisasjonar som er registrert, og som organiserer aktivitetar, eller som driv dugnadsarbeid og tilrettelegg for eigenorganisert aktivitet. Frivillige lag og organisasjonar i Aurland ynskjer nye medlemmar velkomne. Meir informasjon om lag og organisasjonar finst på internett, men kommunen har og god oversikt over kontaktpersonar i ulike lag og organisasjonar. Ta kontakt med kommunetorget eller send ein e-post til post@aurland.kommune.no.

Skule

Det er tre skular i kommunen –to grunnskular og ein vidaregåande skule. Aurland barne og ungdomsskule med elevar frå 1-10.klasse, Flåm skule med elevar frå 1.-7.klasse og Sogn Jord- og hagebrukskule (SJH) som tilbyr VG1 og VG2 innan økologisk landbruk. Elevar frå Gudvangen, Undredal og Flåm soknar til Flåm skulekrins og elevar frå Vassbygdi og Aurlandsvangen soknar til skulekrinsen Aurland. Aurland kommune organiserer skuleskyss med buss, taxi og gjennom oppdragsavtaler med private for elevar som har rett på det. For elevar eller andre som reiser til Sogndal er det tilbod om pendling med båt. Kommunen har sidan 2010 finansiert båtrute for at ungdom på vidaregåande skule skal ha eit reelt pendlartilbod som alternativ til å bu på hybel. Elevar som pendlar til Årdal på vidaregåande skule nyttar tilbodet om fylkeskommunal skuleskyss. Foreldre og elevar som skal flytte til Aurland kommune, eller som vurderer å flytte til Aurland kommune, er velkomne til å ta kontakt med  skulane direkte for meir informasjon eller for å avtale besøk.

Bustad

Aurland kommune har ledige bustadtomter i Flåm , Gudvangen og Vassbygdi. Nye bustadfelt er under planlegging både i Aurland og Flåm. I tillegg til kommunale bustadfelt er det område i kommuneplanen sin arealdel som er regulert til spreidd bustadbygging og private bustadfelt. Kommunen gjev på visse vilkår tilskot til spreidd bustadbygging. Dei siste åra har det vore høg byggjeaktivitet i Aurland kommune –både private einebustader og leilegheiter for sal.

Aurland kommune har fleire kommunale utleigebustader. Kommunen opplever at etterspurnad etter kommunale utleigebustader er større enn tilbodet.

Frå 2014 til 2015 har Aurland kommune gjennomført bulystprosjektet Bergteken. Som er ein del av prosjektet er ledige husvære (husvære som ikkje blir leigd ut som heilårsbustad og husvære der eigar sjølv bur i bustaden) kartlagt. Kartlegginga syner at det er ledige husvære i Aurland. Ein del av desse blir nytta som feriebustader og ein del blir nytta til korttidsutleige i turistsesongen. Ein del som flyttar til Aurland opplever å måtte bu mellombels i starten før dei lukkast med å finne meir fast bustad. Det er utan tvil enklare å finne fast bustad når du først bur her. Små forhold gjer truleg at berre eit fåtal ledige husvære treng annonsering for å bli leigd ut. Så vårt råd er å ta sjansen, og eventuelt takke ja til mellombels bustad, og flytte til Aurland. Dei aller fleste finn ein plass dei trives innan rimeleg tid. Oversikt over ledige tomter kan du få ved å kontakte kommunen. Leilegheiter og bustader til sals blir oftast kunngjort på internett, i aviser eller via meklar.

Arbeid

Aurland og arbeidsmarknaden rundt Aurland er variert. I Aurland er det offentleg sektor og sørvisnæringa som sysselset flest. I sørvisnæringa er det reiseliv som er den største bransjesektoren. Andre større bransjesektorar er kraftbransjen, bygg og anlegg. Både kraftutbyggina på 70 og 80-tallet, og store infrastrukturprosjekt på 90-tallet og etter år 2000, har bidrege til høg sysselsetting i entreprenørverksemder. Kraftbransjen opplever eit generasjonsskifte, og har behov for å rekruttere fleire nye medarbeidarar i åra som kjem. Innan helsefag er både kommunane og sjukehuset i Lærdal store arbeidsplassar. Vi håpar på auka rekruttering til helsefaga framover. For å kunne oppretthalde tenester til sjuke og eldre treng vi at unge som vel å ta utdanning innan helsefag, sjukepleiefag eller medisin. Ledige stillingar i kommunen blir kunngjort på kommunen si heimeside: www.aurland.kommune.no. I Aurland og Lærdal er det mange sysselsette i landbruket. I Aurland er det fleire som satsar på vidareforedling av kjøtt og melkeprodukt. I tillegg er det ein del som produserer geitemelk. Bøndene i Lærdal satsar særleg på frukt og grønt.

 Regionalt  bidreg industrien i Årdal, fylkesadministrasjonssenteret på Hermannsverk, Høgskulemiljøet i Sogndal og sjukehuset i Lærdal til ein variert og spennande arbeidsmarknad.   

Næringsretta arbeid

Aurland kommune har eige næringsfond (konsesjonsavgiftsfondet) som gjev kommunen eit rikt handlingsrom i høve til næringsretta arbeid. Kommunen yter, på visse vilkår, tilskot til etablering av nye verksemder og utvikling av eksisterande verksemder. Kommunen bidreg elles med tilrettelegging av areal og infrastruktur. Kommunen har vedteke ein strategi for å sikre at innbyggjarar i heile kommunen får tilgang på høghastigheitsbreiband (NGA).

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland