Fleire eldre og personar med funksjonsnedsetting kan bli buande heime lenger ved å tilpassa bustaden sin. Tilskot til tilpassing kan gjere dette mogeleg. Det er god samfunnsøkonomi også.

Tilskotet er ei offentleg ordning som kan hjelpe deg å bli buande heime, sjølv med nedsett funksjonsevne. Det kan søkjast om støtte til enkle tiltak, som til dømes å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men også til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i forhold til brukaren sin funksjonsnedsetting. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert ved tildeling av tilskotet.

Kommunen vil ikkje nytta absolutte inntektsgrenser i slike saker. Den økonomiske behovsprøvinga skal vere ut frå ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, - etter at tilpassingstiltaket er gjennomført.

Ved planlegging av større ombygnader kan det være smart å først søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og prosjektering.

Gå til informasjon om andre tilskotsordningar her