Ved helsetenesta i Aurland kan du no få litt drahjelp gjennom eit samarbeid mellom treningskontakt og legane ved legekontoret.

Du vil få oppfølging med 3 kontakter med lege; ved start, etter 3 månader og 6 månader. Det vil då bli tatt målingar på vekt, blodsukker, kolesterol og blodtrykk.

Mellom legetimane vil du få individuell oppfølging frå treningskontakt. Ho vil gi råd i høve kosthald og aktivitet.

Til slutt vil me ha eit felles møte mellom deg, treningskontakt og lege med oppsummering (for dei som ynskjer det).

 

Dette tilbodet passar for alle som ynskjer litt hjelp for å få ein betre livsstil –både yngre og eldre, den som har litt høgt blodtrykk, sukkersyke, eller kun ynskjer hjelp til endring.

 

Nytt sjansen til å få i gong ei endring i livet ditt 😊

Det blir vanleg betaling for legetimane (gratis om du har frikort), og all oppfølging ved treningskontakt er gratis.

 

Har du spørsmål, eller vil bli med på dette:

Ta kontakt med treningskontakt Elise Malme: 4745 3909 eller elise.malme@aurland.kommune.no

Eller legekontoret: 5763 2999