TT-kort

Fellesordning for heile Vestland
Fylkestinget i Vestland har fatta vedtak om å innføre ei ny felles forskrift for transportordninga for menneskje med nedsett funksjonsevne (også kjend som TT-ordninga) i heile fylket. Midlane til denne ordninga kjem frå staten via fylkeskommunen, og som kjent blei Hordaland og Sogn og Fjordane slegne saman til eitt fylke frå 01.01.2020. Fram til no har dei to fylka hatt forskjellige regelverk for TT-ordninga. Frå og med 01.01.2021 blei det vedteke å samordne desse.

Nye prosedyrar
Heretter er det ikkje lengre kommunen som skal handsame søknadane og godkjenne brukarar. Alt skal skje på fylkesnivå. Kommunen er likevel tilgjengeleg for å gi informasjon og bistand i forbindelse med søknaden. Alle som er registrerte brukarar skal ha fått tilsendt eit nytt magnetkort i posten i løpet av desember (om du ikkje har fått det, ta kontakt med Vestland fylkeskommune på tlf. 55 23 93 63 eller på mail: post.mok@vlfk.no). I konvolutten låg det òg eit brev med ein personleg brukarID og eit passord som du kan nytte for å gå inn på di eiga nettside for å sjekke saldo, turar m.m. Nettsida er: www.taxibiz.no.

Brukarlistene skal oppdaterast
For at fylkeskommunen skal ha best mogleg oversikt over brukarane, må alle noverande brukarar sende inn nye søknadar med legeerklæring for godkjenning i løpet av 2021. Dette får de meir informasjon om etter kvart. Alle nye brukarar må også sende inn søknad og utfylt legeerklæring. Du finn skjema og all informasjonen du treng på nettsida www.vestlandfylke.no. Gå deretter inn på «Tenester», så ligg TT-kort under «Kollektiv og transport». Der finn du òg postadressa du skal sende søknaden til.

Ta kontakt med sekretær for Helse- og førebygging eller kommunal ergoterapeut dersom du har spørsmål knytt til den nye ordninga, eller treng hjelp til søknaden.

Gerd Astrid: 57 63 20 01
Synnøve: 95 98 46 11

 

Synnøve Askeland
Ergoterapeut