- All korona-testing for korona-sertifikat (td brukt ved reiser) blir dekka av staten –og vil vere gratis for pasientar. Slik testing blir gjort ved legekontoret i den grad me har kapasitet til det. Me kan også gjennomføre hurtigtestar.

- Dersom det er behov for eigen attest med signatur for å reise, vil den reisande måtte betale for dette. Hjå oss vil slik attest koste kr 300,- pr stykk.

- Testing for arbeidsgjevar som ber om test av tilsette, blir gjort i den grad me har kapasitet til det. Kostnad for desse testane blir også no dekka av staten, og vil vere gratis for arbeidar / arbeidsgjevar.

Legekontoret har opning for korona-testar kvar dag kl 12.30. Ring på førehand for avtale. Telefon 57 63 29 99. Test ved symptom, karantene og mistanke om sjukdom vil ha første prioritet.

Endringane i betaling for testar gjeld frå denne veka, og det vil ikkje ha tilbakeverkande kraft. Me håpar alle har forståing for at nye sentrale føringar gir endring i praksis i kommunen.

 

14.07.20

Frøydis Gullbrå, smittevernlege