Nytt basseng klart til bruk

Dei som treng å gjennomføre livreddande kursverksemd får nytte det nye bassenget no. Den 27. april skal anlegget, som også rommar eit nytt terapibad, offisielt opnast. 

Tekst og foto: Arne Veum / Aurlendingen

Mindreforbruk 
Arbeidet vart starta opp i september 2017, og har i følgje vaktmeistar i Aurland kommune, Ola Bjørgum, gått svært bra og utan store problem. Prosjektet er gjennomført innanfor budsjettramma. Det vert opplyst at prosjektrekneskap skal leggjast fram for kommunestyret i juni månad. Den 27. april skal den nye symjehallen opnast. Denne dagen vert det også tre timar med gratis bading for alle som ønskjer det. Aurland skyttarlag og Aurland idrettslag skal elles samarbeide om opningsarrangementet. 

Djupare 
Frå siste veka i mars vart bassenget opna for kursverksemd og for einskilde grupper. Fram mot påske skal det mellom anna gjennomførast livredningskurs, til dømes for tilsette i skuleverket. Såleis slepp ein å bruke tid på dette etter at bassenga er offisielt opna. Det nye hovudbassenget, som held 28 grader, er litt annleis utforma enn det gamle. – Det er djupare, 2,5 meter på det meste. Den grunnaste delen er ein meter djup. Grunnen til auka djupn er mellom anna eit stupebrett. Terapibassenget skal halde 34 grader. 

Kamera 
Nytt er også at det er installert overvakande teknologi i vaktrommet. I tillegg til vanleg badevakt kan ein frå vaktrommet via seks kamera følgje med på kva som skjer under vassflata i det store bassenget. – Dersom nokon vert liggjande i ro under vatn over eit gitt tidsrom vil ein alarm verte utløyst. I terapibassenget er det montert to slike kamera, seier Bjørgum. Gjennom byggjeprosjektet er  det også etablert nytt vassbehandlingssystem, ny varmesentralt og nytt ventilasjonsanlegg. Det siste er også montert nytt i den resterande delen av AIS. I tillegg er heile bygningsmassen, både AIS og Aurlandshallen, no kopla saman med felles brannvarslingsanlegg. 

Sjå også: Opning av symjehallen og 10 års jubileum for Aurlandshallen 

Nytt basseng klart til bruk Foto Arne Veum
Nytt basseng klart til bruk 2 Foto Arne Veum
OPNING: Den 27. april vert det renoverte symjebassenget og det nye terapibassengeti bakgrunnen offisielt opna.
Tips ein ven Skriv ut