Det har dukka opp mange nyord og me har lært oss nye uttrykk. Sosial distansering, smittetalet R og kohortar har vorte ein del av daglegtalen vår. Me har endra vanar. Sett ei heil verd stoppa opp. Erfart at det å planlegge fram i tid er særs usikkert. Likevel tek me sjansen på å gje dykk noko å sjå fram til.

Styret for Nynorske litteraturdagar er optimistiske og satsar på å halda på den etter kvart så tradisjonsrike festivalhelga vår i oktober. Styret planlegg for ulike løysingar, men vonar det vil vera mogeleg å møtast ansikt til ansikt. De vil kunna oppleva mange flotte aktørar, og me nemner: Kjartan Fløgstad, Ruth Lillegraven og Gøril Grov Sørdal som nokre av forfattarane som står på programmet. Billa and the Kid tek med seg det flotte bandet sitt og gjev deg herleg musikk, og kanskje vågar du deg ut på dansegolvet til ein kohort-dans!
Arbeidstittelen som styret har hatt for årets festivalen er; ”Kriminelt godt”.
Programmet er variert, har noko for ein kvar smak, er spennande og byr på overraskingar. 

Helga 23. – 25. oktober 2020 kan du no «setja av» i kalenderen din - og gleda deg til nære møte med forfattarar, musikarar og kunstnarar på Nynorske litteraturdagar.

Me håpar å sjå deg!